Riksmekleren
Riksmeklingsmannen er eit norsk statleg embete som har til oppgåve å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, det vil seie tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Den statlege meklingsordninga blei innført i Noreg frå 1.1.1916, då den første arbeidstvistlova av 1915 vart sett i verk. Embetet er i dag heimla i lov av 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister og ligg administrativt under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Embetet skiftar namn til Riksmeklaren når den nye arbeidstvistlova trer i kraft. Embetet blir leia av riksmeklingsmannen , som blir oppnemnt av Regjeringa for tre år i gongen. Vidare har embetet åtte faste kretsmeklingsmenn som hovudsakleg meklar i lokale tvistar. Meklingsmennene skal varslast om einhver plassoppseiing. I tvistar skal dei prøve å kome fram til forslag som begge parter kan bli einige om. Riksmeklingsmenn | 1. januar 1916–1. mars 1920: J.M. Lund 1. mars 1920–1. januar 1921: Vilhelm Lie 15. februar 1921–8. d...