Peer Gynt-prisen
Peer Gynt-prisen, Årets Peer Gynt eller Peer Gynt-statuetten blir delt ut til personar og institusjonar som har utøvd samfunnsansvar og markert Noreg internasjonalt: «Statuetten deles ut til personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet.» Prisen er kalla opp etter hovudpersonen i Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867. Den har møtt kritikk for å fremje eit feilaktig bilete av Peer Gynt, som blir framstilt som ein umoralsk egoist i diktet til Ibsen.[1][2]
Prisen vart delt ut første gong i 1971 og gjekk då til Einar Gerhardsen for hans innsats som statsminister i gjenoppbygginga av landet etter krigen. Utdelinga skjer under Peer Gynt-stemnet på Vinstra i Nord-Gudbrandsdalen, eit stemne som har blitt arrangert sidan 1967. Peer Gynt-stemnet sjølv, stortingsrepresentantar og tidlegare vinnarar av Peer Gynt-prisen kan foreslå kandidatar til prisen. Vinnaren blir stemt fram av stortingsrepresentantar, og prisen blir også delt ut av ein stortingsrepresentant. Det synlege beviset for prisen er ein bronsefigur av Peer Gynt på bukken, laga av kunstsmed Karl Bilgrei.
Prisvinnarar |
1971: Einar Gerhardsen, tidlegare statsminister
1972: Per Aabel, skodespelar
1973: Liv Ullmann, skodespelar
1974: Erik Bye, artist og programskapar
1975: Erling Stordahl, gardbrukar, musikar og forkjempar for funksjonshemma
1976: Øivind Bergh, dirigent
1977: Birgit og Rolf Sunnaas
1978: Arve Tellefsen, fiolinist
1979: Grete Waitz, langdistanseløpar
1980: Anne Cath. Vestly, forfattar
1981: Cato Zahl Pedersen, funksjonshemma idrettsutøvar
1982: Jens Evensen, diplomat, jurist og politikar
1983: Thorbjørn Egner, forfattar og teiknar
1984: Kronprinsesse Sonja
1985: Bobbysocks, popduo
1986: Annie Skau Berntsen, sjukepleiar og misjonær
1987: a-ha, popgruppe
1988: Oslo Filharmoniske orkester
1989: OL-komiteen ved Ole Sjetne
1990: Thorvald Stoltenberg, politikar og organisasjonsmann
1991: Hans-Wilhelm Steinfeld, journalist
1992: Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang, skiløparar
1993: Kjetil Andre Aamodt, alpinist
1994: Mona Juul og Terje Rød Larsen, politikarar og diplomatar
1995: Johann Olav Koss, skøyteløpar- 1996: Jostein Gaarder, forfattar
- 1997: Gro Harlem Brundtland, tidlegare statsminister og FN-leiar
- 1998: Kvinnelandslaget i handball ved Marit Breivik
- 1999: Thor Heyerdahl, etnograf, zoolog og forfattar
- 2000: Bellona, miljøstifting
- 2001: Knut Vollebæk, politikar, diplomat og siviløkonom
- 2002: Eva Joly, jurist og korrupsjonsjeger
- 2003: Åsne Seierstad, journalist og forfattar
- 2004: Arne Næss, filosof, fjellklatrar og forfattar
- 2005: Jan Egeland, politikar og diplomat
- 2006: Kjell Inge Røkke, entreprenør og næringsutviklar
- 2007: Leif Ove Andsnes, pianist
- 2008: Snøhetta AS, arkitektfirma
- 2009: Ole Gunnar Solskjær, fotballspelar
- 2010: Dissimilis
- 2011: Magnus Carlsen, sjakkspelar
- 2012: Marit Bjørgen, skiløpar og Jens Stoltenberg, statsminister
- 2013: Jo Nesbø[3]
- 2014: Norway Cup
- 2015: May-Britt Moser og Edvard Moser, hjerneforskarar[4]
- 2016: Deeyah Khan[5]
- 2017: Skam, TV-serie[6]
Sjå også |
- Peer Gynt-stemnet
Kjelder |
↑ 'Når ble Peer Gynt et forbilde? (Aftenposten)
↑ 'Vår egen store Peer Gynt' (Aftenposten)
↑ Peergynt.no: Jo Nesbø er årets Peer Gynt 2013. Vitja 14.01.14
↑ Furberg, Kristoffer (23. mars 2015) «Moserparet får Peer Gynt-prisen». I: Universitetsavisa
↑ nrk.no Deeyah Khan er årets Peer Gynt 07.05.2016
↑ «Peer Gynt-prisen til «Skam»». aftenposten.no. 21. april 2017. Henta 9. juli 2017.