Kristiansand kommune er ein kommune i Vest-Agder fylke. Administrasjonssenteret er Kristiansand, som den største byen i regionen Sørlandet og er sete for fylkesadministrasjonen i Vest-Agder fylkeskommune.
Innhaldsliste
1Samferdsel
2Tettstader
3Kommunevåpenet
4Kjende personar frå Kristiansand
5Bakgrunnsstoff
Samferdsel |
Kristiansand er òg eit viktig knutepunkt for transport og kommunikasjon. Byen er ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 over Setesdalen. Med Sørlandsbanen har byen jarnbanesamband med både Oslo i aust og Stavanger i vest.
Flyplassen på Kjevik er forbunde med fleire byar i Noreg og Europa, mellom anna Amsterdam og København. Det er hyppige ferjeavgangar til Hirtshals i Danmark.
Tettstader |
Justvik
Kristiansand
Skålevik
Strai
Tveit
Oddernes
Vennesla (busetnaden i tettstaden Vennesla strekkjer seg inn i Kristiansand kommune.)
Kommunevåpenet |
Kristiansand sitt våpen viser ei løve under ei furu på raud bakgrunn, med ei krone over og eit valspråk rundt. At krona er lukka og ikkje open, som i andre byvåpen, syner at byen vart grunnlagd av ein konge. Furua viser til at byen vart grunnlagd på ei furumo, og løva kjem frå det norske riksvåpenet. Valspråket som står under våpenet er «Causa Triumphat Tandem Bona» - den gode saka vinn til slutt.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...