Eddik

Multi tool use

Ulike typar eddik i flasker.
Eddik er ei væske som anten er lagd eller har kome til av seg sjølv ved at ei alkoholhaldig væske har gjæra på grunn av eddiksyrebakteriar, Acetobacter aceti, som så godt som alltid finst i lufta. Gjæringa er ein oksidasjonsprosess, og krev difor at det er oksygen til stades.
Eddik vert nytta i matlaging, til konservering av mat, i næringsmiddelindustrien osb. God eddik, som må lagrast lufttett og kjølig, skal vere klår og ha ein rein og sterk og sur smak som ikkje er skarp.
Hovudinnhaldet i eddik er eddiksyre og vatn. Dessutan finst det andre emne, alt ettersom kva slags alkoholhaldig væske som har gjæra av seg sjølv eller har vore sett til gjæring på til dømes industrielt vis. Etter det råstoffet som vert nytta, får ein vineddik, spriteddik, frukteddik, øleddik, malteddik osb. I somme eddiktypar vert det tilsett fruktsafter og krydder.
Vidgjeten er den franske vineddiken, som vert laga ved at vin står i kar på ein varm stad, og etter nokre veker er gjæra eller surna til eddik; det franske ordet for eddik, vinaigre, tyder «sur vin». For å få fart på gjæringa ved snøgt å få opp mengda av eddiksyrebakteriar, kan litt gamal eddik setjast til vinen.
Industrielt kan eddik lagast på ein snøgg måte ved å nytte 10 % sprit tilsett litt øl eller vørter som råstoff, og late dette risle over høvelspon av bøketre medan luft på om lag tretti gradar celsius vert blåst opp i væska for fart i oksydasjonsprosesen. Eddiksyre kan dessutan lagast kjemisk og tilsetjast vatn, aromastoff og farge til eddiken har brukbar styrke, lukt og utsjånad.
Uxoj t2L3MgbpcQTKOUMAN0k,U LkKdc 50jGRIqGM ohZYBN,ieJd
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...