Elafónisos















































Elafónisos
Lokalt namn: Ελαφόνησος
Geografi

2011 Dimos Elafonisou.png
Stad
Det joniske havet
Koordinatar
36°29′N 22°57′EKoordinatar: 36°29′N 22°57′E
Øygruppe
Dei joniske øyane




Areal 19 km²







Administrasjon
Land
Hellas
Periferi
Periferieining

Peloponnes
Lakonía
Største busetnad Elafónisos (816 innb.)




Demografi
Folketal 1 041 (2011[1])
Folketettleik 52,0 /km²

Elafónisos (gresk Ελαφόνησος) er ei øy i Hellas og Dei joniske øyane mellom Peloponnes og Kýthira. Ho dannar ein eigen kommune i periferieininga Lakonía i periferien Peloponnes.[2]


Elafónisos har eit areal på om lag 19 km². Øya ligg like utanfor kysten av Kapp Maléa, og om lag 6,5 km mot aust ligg Neápoli i kommunen Monemvasiá. Om lag 8,5 km mot sør ligg Kapp Frágos på øya Kýthira.


Folketalet er mellom 700 og 750 om vinteren, men aukar kraftig i sommarmånadane. Øya er ein populær turistdestinasjon og i juli og august kan opp mot 9 000 turistar vitje øya dagleg. Mange kjem her på grunn av dei lyse fargene, sandstrendene og sørenden av øya. Dei to største strendene på øya er Símos og Panajía Nisiá.


Øya eig 3 km² med land på fastlandet, som hovudsakleg består av stranda Poúnda. I dag er ho den einaste busette øya som høyrer til Peloponnes. Det er gjort nokre arkeologiske funn på øya og i vatnet rundt.


Namnet på Elafónisos har sannsynlegvis historisk opphav og tyder «hjortane si øy».




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Byar og tettstader


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelde





Historie |


I antikken var Elafónisos ei halvøy med namn Ónou Gnáthos.


Øya vart busett med dagens busetnad i 1850, og nokre år seinare vart ho ein del av Hellas.



Byar og tettstader |


Byane og tettstadene i kommunen er:



























Tettstad Folketal 2011[1]
Elafónisos 816
Káto Nisí 156
Kapári 37
Poúnda 17
Lévki 15


Referansar |





  1. 1,01,1 Folketeljing 2011, revidert


  2. Kallikratis-reforma




Bakgrunnsstoff |


  • Elafonisos


Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Elafonisos frå Engelsk Wikipedia .






Simos






































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva