Åmli kommune


































































Åmli kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Aust-Agder


Adm.senter

Åmli

Areal
1 131 km²
 - land
1 068 km²
 - vatn
63 km²

Folketal
1 845 (1. januar 2018)
Folketettleik

2 / km²



Målform
nøytral

Ordførar
Reidar Saga (Ap)


Kommunenr.
0929




NO 0929 Åmli.svg




Wikimedia Commons: Åmli

Nettstad: www.amli.kommune.no


Åmli kommune er ein kommune i Aust-Agder fylke. Han grensar i aust mot Vegårshei, i sør til Froland og i vest til Bygland og i nord til kommunane Fyresdal og Nissedal i Telemark fylke.


Åmli kommune ligg omkring dalføret til Nidelva, sidedalen Gjøvdal og Tovdal. Dei tidlegare kommunane Gjøvdal og Åmli vart slått saman til Åmli kommune i 1960. Åmli har sine nåverande grenser frå 1967, då tidlegare Tovdal kommune vart lagt til.


Namnet «Åmli» er avleidd av treslaget alm. Kommunevåpenet viser ein oppreist bever i sølv på blå bakgrunn.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv og samferdsel


  • 3 Bilete


  • 4 Kjende folk frå Åmli


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Geografi |


I Åmli kommune er det store heiområde som stort sett ligg under skoggrensa (700–800 moh.), høgst når Trongedalsnuten (929 moh.) mellom Tovdal og Gjøvdal. Elvane går mot søraust for så å bøye av mot sørvest. Nidelva munnar ut i Arendal, Tovdalselva i Topdalsfjorden aust for Kristiansand. Kommunen har fleire verna område, mellom anna Årdalen naturreservat, som grensar mot Rukkevatn naturreservat og Furubuheii myrreservat.[1]


Busetnaden i Åmli kommune er tettast rundt administrasjonssenteret Åmli. I dalføra er det spreitt busetnad.



Næringsliv og samferdsel |


Åmli kommune er etter Birkenes den største skogbrukskommunen i fylket målt etter avverka tømmer. Åmli har ein del jordbruk med allsidig drift, men med hovudvekt på hald av husdyr, særleg sau. Bierøkt er også ei viktig næring. Åmli kommune har store vasskraftressursar og det største kraftverket i kommunen er Jørundland i Gjøv.


Sørlandsbanen kryssar Åmli kommune i søraust, med stasjon på Nelaug og ei sidelinje herfrå til Arendal. Riksveg 41 (Kviteseid–Kristiansand), Telemarksvegen, går nord–sør gjennom kommunen. Frå tettstaden Åmli går fylkesveg 415 søraustover mot Tvedestrand. Fylkesvegar fører gjennom Tovdal og Gjøvdal, den sistnemnde over til Fyresdal i Telemark.[1]



Bilete |




Kjende folk frå Åmli |




  • Engvald Bakkan (1897–1982), forfattar


  • Jonas Alaska (f. 1988), musikar



Kjelder |





  1. 1,01,1 «Åmli». Store Norske Leksikon. 




Bakgrunnsstoff |



  • Nettsidene til Åmli kommune


  • www.amli.no – Turistinformajson om Åmli kommune












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva