Audnedal kommune

Multi tool use
Audnedal kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land |
![]() |
|
---|---|---|
Fylke |
Vest-Agder |
|
Adm.senter |
Konsmo |
|
Areal |
251 km² |
|
- land |
237 km² |
|
- vatn |
14 km² |
|
Folketal |
1 786 (1. januar 2018) |
|
Folketettleik |
8 / km² |
|
Målform |
nøytral |
|
Ordførar |
Reidun Bakken (KrF) |
|
Kommunenr. |
1027 |
|
![]() | ||
Wikimedia Commons: Audnedal | ||
Nettstad: www.audnedal.kommune.no | ||
Audnedal er ein kommune i Vest-Agder fylke. Audnedal er ein innlandskommune, som grensar til Aust-Agder fylke i nordaust. I nord grensar kommunen mot Åseral kommune, og i vest mot Hægebostad kommune. I sør er grensa mot Lyngdal og Lindesnes kommunar, og i aust mot Marnardal kommune.
I 1963 vart Konsmo og Grindheim kommunar og delar av Bjelland kommune slegne saman til Audnedal kommune.
byd på godt fiske etter laks og sjøaure. Riksveg 460 går i elvedalen. Sørlandsbanen kryssar kommunen og Audnedal stasjon er stoppestad for fjerntog. Vest for stasjonen går banen gjennom Hægebostadtunnelen som er mellom dei lengste jernbanetunnelane i Noreg.
Folkesetnad |
I 1875 hadde Audnedal etter kommunegrensene av i dag 2159 innbyggjarar, det høgaste talet som er registrert. Innbyggjarrtalet gjekk jamt nedover fram mot den andre verdskrigen. I 1930 låg talet på 1622. Nedgangen hadde mellom anna samanheng med at ei rekkje heiegardar vart for tunge å driva. Minst 50 heiagardar i Audnedal vart avfolka i tida frå 1890 til 1940.
Mange utvandra til Amerika for å finna eit nytt utkome. Over 1200 personar med “Undal” som bustad er registrert som emigrantar berre i åra frå 1877 til 1907. Truleg var det kring 2500 personar frå Audnedalen som reiste over Atlanterhavet for kortare eller lengre lengre tid fram til andre verdskrig.
Historikk |
Frå 1837 til 1843 vart Audnedal formannskapsdistrikt utgjort av Vigmostad, Konsmo, Spangereid og Valle sokn.
I 1844 vart Vigmostad og Konsmo skild ut og danna Nord-Audnedal kommune. Samstundes vart Spangereid og Valle slegne saman til Sør-Audnedal kommune.
Bjelland og Grindheim kommune som var oppretta i 1837, vart delt i 1902 i Bjelland kommune og Grindheim kommune.
I 1910 vart Nord-Audnedal delt i Vigmostad kommune og Konsmo kommune.
I vart så Konsmo kommune slegen saman med Grindheim kommune og litt av Bjelland kommune til Audnedal kommune.
Bakgrunnsstoff |
- Audnedal kommune
Kommunar i Vest-Agder | ||
---|---|---|
|
![]() |
Koordinatar:
|
A6G188HcVxx ttsyNzgqjBm