Ignaz Semmelweis

Multi tool use
Ignaz Semmelweis (Jenő Doby, 1860)
|

|
Fødd |
1. juli 1818 Budapest
|
Død |
13. august 1865 Döbling ved Wien
|
Yrke |
lege, botanikar, universitetslærar, gynekolog, fødselslege
|
Ignaz Semmelweis på Commons
|
Ignaz Philipp Semmelweis (opphavleg Ignác Fülöp Semmelweis (ungarsk) (fødd 1. juli 1818 i Buda, død 13. august 1865 i Döbling ved Wien) var ein ungarsk-austerriksk lege som synte at barselfeber var smittsam og at tilfella av barselfeber kunne minke drastisk om pleiarane vaska hendene grundig. Han oppdaga dette i 1847 då han var sjef for fødselsavdelinga på eit sjukehus i Wien.
Liv og gjerning |
Semmelweis arbeidde på 'Allgemeine Krankenhaus der Stadt Wien', der han merka seg den store skilnaden i dødelegheit mellom dei to fødeavdelingane på sjukehuset. På Fyrste avdeling låg kvinner frå borgarskapet; desse vart primært undersøkt av lækjarane under fødselen. På Andre avdeling var innlagt kvinner med svakare økonomi; her var det jamnast jordmødrer som assisterte under fødslane. Semmelweis registrete at kvinnene på Fyrste avdeling hadde ein markant større dødelegheit enn dei som vart overvåka av jordmødrene. På Fyrste avdeling døydde ofte mellom 10% og 35% av dei fødande, medan dødelegheita for kvinnene på Andre avdeling, samt for kvinner som fødde heime, låg heilt ned på 2%.
Semmelweis kom på sporet av årsaka til skilnaden i dødelegheit, etter at kollegaen Jakob Kolletschka døydde av ein infeksjon han fekk under ein obduksjon av ei kvinne som hadde døydd i barselssenga på sjukehuset. Arbeidsdagen for lækjarane på Fyrste avdeling var organisert såleis at dei starta i disseksjonsstova, der ein utførte obduksjonar, deretter heldt ein fram på avdelingane med tilsyn av pasientane. Jordmødrene på Andre avdeling arbeidde einast med å gje fødselhjelp. Semmelweis utvikla ein hypotese om at lækjarane måtte overføre et «likstoff» frå dei døde pasientane til dei levande. Han fekk lækjarane til å vaske hendene i ei klorkalk-oppløysing, før dei førte tilsyn med kvinnene. Dødelegheita fall då til eit nivå som samsvarte med nivået på Andre avdeling. Seinare innførte han også tilsvarande vask av operasjonsinstrument og enda med å kunne syne til ei dødelegheit på under 1%.
I Noreg er han særleg kjend etter Jens Bjørneboe sitt skodespel «Semmelweis» frå 1968.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Ignaz Semmelweis» frå Wikipedia på dansk, den 13. juli 2015.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- BNF
- BNF (data)
- SUDOC
- NKC
- BNE
|
|
qmnrvjdBEpHsKwg4CC Q,01,dyNNZEBZN64IA wjMS,k,47Bq5,qhW xM0nXllB,cvtB3rVOw5E9,r9PZm67OzKCWYy PrrQnW29 4xBZbSAi
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...