Sterke verb




Sterke verb er eit særmerke for germanske språk. Dei er kjenneteikna ved at dei markerer skifte i tid (og i somme språk tal) ved at rotvokalen vekslar etter eit avlydsmønster når dei vert bøygde, som t.d. bryte–braut–brote (nn), bryta–bröt–brutit (sv), break–broke–broken (en) eller brechen–brach–gebrochen (ty). Til gjengjeld kan dei mangle tradisjonell bøygningsending, slik vi finn i dei fleste svake verb.



Sterke verb i norsk språk |


I nynorsk språk vert dei sterke verba bøygde i sju klassar. Her er berre ei infinitivsform og ei preteritumform medteken; merk at infinitiv valfritt kan ha a-ending (evt. kløyvd infinitiv) og at perfektum partisipp kan ende på -i. Som sideform kunne sterke verb ha endinga -er i presens før rettskrivingsreforma i 2012, da uttalt med tonelag 1.























































































kl.
infinitiv
presens (notid)
preteritum (fortid)
perfektum partisipp
1.
bite
bit
beit
bite
2.
bryte
bryt
braut
brote
3a.
breste
brest
brast
broste
3b.
finne
finn
fann
funne
3c.
søkke
søkk
sokk
sokke
4.
bere
ber
bar
bore
5a.
lese
les
las
lese
5b.
ete
et
åt
ete
6.
fare
fer
for
fare
7a.
blåse
blæs
bles
blåse
7b.

får
fekk
fått

I den fyrste landsmålsnormalen Ivar Aasen utarbeidde, kunne rotvokalen òg skifte i preteritum fleirtal. Restar av slik fleirtalsbøyging finst enno i Hallingmål.



Sjå òg: |



  • Svake verb

  • Preterito-presentiske verb


  • Ivar Aasen: Norsk Grammatik


  • Kjell Venås Sterke verb i norske målføre. Morfologiske studiar, dr.avh., 1967



Kjelder: |



  • Første delen av denne artikkelen bygger på «Sterke verb» frå Wikipedia på svensk, den 18. november 2008.



  • Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva