Adelén Rusillo Steen (fødd 1996 i Horten), betre kjend som Adelén, er ein norsk songar. Ho har spansk mor og norsk far.
Innhaldsliste
1Melodi Grand Prix 2013
1.1Semifinale 3
1.2Finalen
2Diskografi
2.1Singlar
3Bakgrunnsstoff
Melodi Grand Prix 2013 |
Adelén vart valt ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i Melodi Grand Prix 2013. Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Ho vart valt ut til å delta i den tredje semifinalen 2. februar 2013 i Larvik i Noreg. 30. januar 2013 vart songen «Bombo» offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte. Songen er skriven av Ina Wroldsen og Quiz & Larossi.
Semifinale 3 |
Bidraget starta som nummer to, etter Gothminister med «Utopia» og før Lucky Lips med «Sweet and Heavy». Adelén vann og gjekk vidare til finalen.
Finalen |
Bidraget starta som nummer tre, etter Fjellfolk med «Ulvetuva» og før Gromth og Emil Solli-Tangen med «Alone».
Diskografi |
Singlar |
2013: Bombo
2013: Baila conmigo
2014: Always On My Mind
2014: Olé
Bakgrunnsstoff |
«Melodi Grand Prix 2013» (norsk). Norsk rikskringkasting.
v•d•e
Deltakarar i Melodi Grand Prix 2013
Semifinale 1
Vidar Busk · Carina Dahl · Tom Hugo · Gromth og Emil Solli-Tangen · Julie Bergan · Mimi Blix/Doc MC · Datarock
Semifinale 2
Martin Blomvik · Annsofi · Shackles · Hank · Fjellfolk · Haji · Margaret Berger
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...