Katja Seizinger

Multi tool use
Katja Seizinger
|

|
Fødd |
10. mai 1972 Datteln
|
Yrke |
alpinist
|
Katja Seizinger på Commons
|
Katja Seizinger (fødd 10. mai 1972) er ein tysk tidlegare alpinist, fødd i Datteln i Nordrhein-Westfalen, som vann verdscupen i alpine greiner i 1996 og 1998. Ho vann eitt VM-gull i 1993 og til saman tre OL-gull i 1994 og 1998. Mellom 1992 og 1998 sikra ho seg ni medaljar (4-3-2) i dei store internasjonale meisterskapane.
Seizinger var i sju sesongar på rad, 1992-98, alltid ein av dei tre beste kvinnelege alpinistane i verdscupen i alpine greiner. To gongar vart ho nummer tre (1992 og -94), tre gongar nummer to (1993, -95 og -97) og to gongar vann ho (1996 og -98). Fire sesongar, 1992-94 og 1998, vann ho utfor-pokalen, og fem gongar vann ho super-G-pokalen; 1993-96 og 1998. Mellom desember 1991 og januar 1998 vann Seizinger totalt 36 renn i verdscupen; 16 i utfor, 16 i super-G og fire i storslalåm. Vreni Schneider frå Sveits, Pernilla Wiberg frå Sverige, Anita Wachter frå Austerrike og landskvinna Martina Ertl var hennar hardaste konkurrentar.
Seizinger tok bronsemedaljen super-G-tevlinga under Vinter-OL 1992 i Albertville. Vinteren etter vart ho verdsmeister i same øvinga under VM i Morioka i Japan. Under vinterleikane på Lillehammer i 1994 vann ho gullmedaljen i utforrennet. I spanske Sierra Nevada kapra ho sølvmedaljen i VM-utforen. Nye sølvmedaljar vann ho både i super-G og i kombinasjonen under VM 1997 i Sestriere. Under Vinter-OL 1998 i Nagano sikra ho gullmedaljar i utfor og i kombinasjonen, samt bronse i storslalåm.
Ho la opp etter 1998-sesongen.
Kjelder |
Sportsboken, aktuelle årgangar
cKYnd2F hH k5m 4gI5rs74ER,HpBiQc3Kd
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...