Chas Chandler















































Chas Chandler
Eric Burdon & the Animals.jpg

Fødd 18. desember 1938 i Newcastle-upon-Tyne
Fødestad Heaton
Død 17. juli 1996 (57 år)
Dødsstad Newcastle upon Tyne
Fødenamn Bryan James Chandler
Opphav Storbritannia
Sjanger
R&B, psykedelisk rock
Instrument Bass
Tilknytte artistar
The Animals, The Jimi Hendrix Experience, Soft Machine, Slade
Verka som
Musikar, produsent og manager

Bryan James «Chas» Chandler (18. desember 1938–17. juli 1996) var ein engelsk musikar, plateprodusent og manager for fleire musikarar.


Han byrja karrieren sin som bassgitarist i ein trio med Alan Price. Etter at vokalist Eric Burdon kom med i gruppa kalla dei seg The Animals og vart eit populært R&B-band. Dei mest kjende basslinjene til Chandler er opningsriffa på hittane «We Gotta Get Out of This Place» og «It's My Life». Chandler var òg korvokalist i gruppa.


Etter at gruppa vart oppløyst seint i 1966, vart Chandler manager for Jimi Hendrix, førte han til England og rekrutterte musikarar som danna The Jimi Hendrix Experience. Han produserte òg dei to første albuma hans, og var personen som introduserte Hendrix for Eric Clapton. Det var gjennom dette møtet at Hendrix fekk spele med Clapton og Cream.[1]


Chandler vart sidan manager og produsent for det engelske rockebandet Slade[2] i 12 år. I denne perioden fekk ande sju førsteplassar på den britiske singellista. I denne perioden kjøpte Chandler IBC Studios som han gav namnet Portland Recording Studios. Han styrte studioet i fire år før han selde det til Don Arden. Chandler styrte òg ei rekkje plateselskap frå studioa, som Barn Records[2] og Six of the Best, og danna eit musikkforlag og produksjonsselskap.[2] I 1977 spelte Chandler i gjen med The Animals under ei kort gjenforeining, og vart igjen med dei i 1983.[2]


Chandler døydde av hjarteproblem i juli 1996, berre dagar etter sin siste konsert.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Chas Chandler» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Saunders, William (2010) Jimi Hendrix London Roaring Forties Press ISBN 978-0-9843165-1-9


  2. 2,02,12,22,3 Larkin C 'Virgin Encyclopedia of Sixties Music' (Muze UK Ltd, 1997) ISBN 0-7535-0149-X p104









































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva