Reisafjorden




Koordinatar: 69°54′41.188″N 21°4′48.061″E
Reisafjorden (samisk Ráisavuotna) er ein fjordarm av Kvænangen i Skjervøy og Nordreisa kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 32 km sørvestover til Storslett i botn av fjorden.


Fjorden har innløp mellom Skjervøya i vest og Store Haukøya i aust. Sør for Store Haukøya går Haukøysundet austover til Kvænangen. Kågen er ei anna øy på vestsida av fjorden. Her går Maursundet på sørsida av øya og vestover til Lyngen. Reisafjorden går sørover på fastlandet langs austsida av Maurneset. Han har to fjordarmar på austsida, Oksfjorden og Straumfjorden. Bortsett frå tettstaden Skjervøy, som ligg ved fjorden heilt ute, ligg dei fleste busetnadene i den indre delen av fjorden. Her finn ein bygda Bakkeby på vestsida, inst i Bakkebyfjorden. Storneshamn er ei grend på andre sida av fjorden. Nesten heilt inne i fjorden ligg tettstaden Sørkjosen og Sørkjosen lufthamn, medan Storslett ligg heilt inne. Her munnar Reisaelva ut i fjorden.


E6 går langs vestsida i den indre delen av fjorden og utover på Straumfjorden og Oksfjorden. Riksveg 866 går utover til Skjervøya på vestsida.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva