John Maclean



































John Maclean
John MacLean passport.jpg

Fødd
24. august 1879
Glasgow
Død
30. november 1923
Glasgow
Nasjonalitet Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Parti
Den sosialdemokratiske føderasjon, British Socialist Party, Communist Labour Party, Scottish Workers Republican Party
Yrke
politikar, skolelærer
Utdanna ved University of Glasgow
Medlem Clyde Workers' Committee

John Maclean (24. august 1879–30. november 1923) var ein skotsk sosialist og sjølvstendeforkjempar. Han vart fødd i Glasgow i Skottland, i ein familie av høglandsopphav frå øya Mull. Maclean vart skulelærar, og tok så ein mastergrad ved universitetet i Glasgow. Han blir sedd på som ein av dei leiande figurane i skotsk sosialisme.



Politikk |


Maclean vart overtydd marxist, og han slutta seg til Social Democratic Federation SDF, som sidan skipa British Socialist Party BSP. Han arbeidde mellom anna ilag med vennen James Maxton mot første verdskrigen, ein krig han såg som ein imperialistisk krig som sette arbeidarar opp mot kvarandre.


Den politiske aktiviteten hans gjorde at styresmaktene vart merksame på han, og i 1915 vart han sparka frå lærarjobben. Derfor vart han heiltids forelesar og organisator for glasgow-arbeidarane. Seinare kom han til å skipe Scottish Labour College. I 1916 vart han òg fengsla for antikrigsarbeidet sitt. Dette var den første av fleire fengslingar han vart utsett for på grunn av meiningane sine.


Da Det britiske kommunistpartiet CPGB vart skipa i 1920, var BSP den største av dei konstituerande organisasjonane. Men Maclean vart snart framandgjord frå kommunistpartiet, og han gjekk inn i Socialist Labour Party SLP same året. Dette var fordi han var i ferd med å utvikle ei tru på at dei skotske arbeidarane raskare kunne gå i ei meir radikal retning enn dei engelske og valisiske, og SLP var i hovudsak eit skotsk parti i røynda.


Maclean vart enda meir nasjonalistisk i tankegangen, og da det synte seg at SLP ikkje ville gå inn for sjølvstende, skipa han i 1923 Scottish Workers Republican Party SWRP, som kombinerte radikal sosialisme med tru på fullt skotsk sjølvstende. Partiet var sterkt påverka av tenkinga til den irske sosialisten James Connolly, som vart avretta etter Påskeopprøret i 1916.



Ettermæle |


Da Maclean døydde seinare same året som partiet hans vart skipa, berre 44 år gammal, med ei helse nedbroten av fleire fengselsopphald, stod tusenvis av menneske langs gatene i Glasgow for å vise han siste æra. Slik hadde ryet hans auka før han døydde.


Han etterlét seg ei arv som både arbeidarrørsla og sjølvstenderørsla i Skottland har hevda å halde levande, noko som er mesta eineståande. Det nye Scottish Socialist Party SSP (skipa 1998) hevdar dei no fører Maclean-tradisjonen vidare. Det gjeld særleg SSP-fraksjonen Scottish Republican Socialist Movement SRSM.



Bakgrunnsstoff |


  • Du kan mellom anna lese meir om John Maclean hos SRSM




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva