Schwabisk Alb (tysk Schwäbische Alb) er eit platå i Baden-Württemberg i Tyskland som strekkjer seg 220 km frå sørvest til nordaust og er 40 til 70 km breitt. Fjellkjeda er kalla opp etter regionen Schwaben.
Schwabisk Alb grensar til Donau i sør og dei øvre delane av Neckar i nord. I sørvest stig dei opp mot dei høgare fjella i Schwarzwald. Det høgaste fjellet i Schwabisk Alb er Lemberg på 1 015 meter over havet. Det høge platået heller sakte mot aust. Vestkanten er ei bratt klippe (kalla Albtrauf eller Albanstieg), som stig opp 400 meter og er dekt av skog.
Schwabisk Alb vert stundom nytta om det industrielle området som ligg rundt fjellkjeda, og for mange innbyggjarar er fjellkjeda ein populær stad for rekreasjon.
Innhaldsliste
1Geologi
2Landskap
3Byar
4Bakgrunnsstoff
5Kjelder
Geologi |
Schwabisk Alb består stort sett av kalkstein som danna havbotn i juratida. For 50 millionar år sidan trekte havet seg tilbake. Sidan kalkstein løyser seg opp i vatn, forsvinn regnvatn ned i sprekker og dannar underjordiske elvar som renn gjennom store grottesystem før dei kjem opp av bakken. Det er nesten ingen elvar, innsjøar eller andre former for overflatevatn i Schwabisk Alb.
Blautopf, ei kjelde som har fått namnet sitt frå den merkelege blåfargen på vatnet.
Regn og andre vêrtypar løyser sakte, men sikkert opp heile fjellkjeda. Kvart år vert ho om lag 5 cm kortare. Nokre millionar år sidan strakk kjeda seg heilt til Stuttgart. Enkelte stader var kalksteinen meir robust og det utvikla seg derfor små fjell i fjellkjeda. Fleire stader finn ein grotter, og mange av desse er populære turiststader. Ein har fleire typar grotter, frå tørre dryppsteinsgrotter til grotter ein kan kome inn med båt. Enkelte stader der vatnet kjem ut att av fjellet har ein flotte utspring, som til dømes Blautopf, ei kjelde til ei av sideelvane til Donau. På grunn av den porøse kalksteinen forsvinn nesten Donau nær Immendingen (i 1911, 1921, 1928 og 1943 forsvann ho heilt), og dukkar opp eit par kilometer nede. Det meste av vatnet som forsvinn frå Donau dukkar opp igjen nær Aachtopf, som er ei kjelde til ei sideelv til Rhinen.
Landskap |
Typisk landskap i Schwabisk Alb, her Salmendinger Kapelle på toppe av Kornbühl
Området er stort sett åslendt, og i aust stort sett flatt. Åsane er ofte dekte av små skogar med små sletter og små landsbyar i mellom. .
Byar |
Schwabisk Alb er ikkje særleg tett folkesett (samanlikna med andre område av Tyskland). Fleire storbyar ligg nær området, og vert stundom rekna som ein del av det.
Reutlingen («porten» til Schwabisk Alb)
Sigmaringen
Albstadt
Münsingen
Tübingen
Göppingen
Ulm
Balingen
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Schwabisk Alb
Turistside
Liste over grotter og andre stader
Fossil funne i området
Slottet Hohenzollern
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Swabian Alb» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2007.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...