Dave Rowberry






















































Dave Rowberry
Fødd
4. juli 1940
Fødestad Mapperley
Død
6. juni 2003 (62 år)
Dødsstad London Borough of Hackney
Fødenamn David Eric Rowberry
Opphav Storbritannia
Aktiv 1960-åra–2003
Sjanger rock and roll
Instrument
orgel, piano
Tilknytte artistar
The Animals, Mike Cotton, Shut Up Frank
Plateselskap Mouse Records
Verka som
organist, komponist, pianist

David Eric «Dave» Rowberry (4. juli 1940–6. juni 2003) var ein engelsk pianist og organist som var best kjend som medlem av rock- og R&B-gruppa The Animals i 1960-åra.


Dave Rowberry vart med i The Mike Cotton Jazzmen (seinare The Mike Cotton Sound) i 1962, og spelte med dei fram til Alan Price brått slutta i The Animals i 1965.[1] Ifølgje songar Eric Burdon, så vart Rowberry, sjølv om han var ein dugande musikar, delvis valt inn i bandet fordi han hadde ein liknande utsjånad som Price.


Rowberry spelte på mange av dei store hittane til gruppa, som «We Gotta Get Out of This Place», «It's My Life», «Don't Bring Me Down», «Inside-Looking Out» og «See See Rider». På fleire av songane vart Rowberry tilskriven som arrangør. Han song òg korvokal på fleire av songane og var stundom med som låtskrivar.


Etter at The Animals vart oppløyste i 1966 vart Rowberry studiomusikar, mellom anna på The Kinks-albumet Everybody's in Show-Biz. Rowberry spelte òg på mange album av bluesartisten Dana Gillespie i 1980- og 1990-åra.


Rowberry døydde i London av magesårbløding den 6. juni 2003, 62 år gammal.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Dave Rowberry» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 146. CN 5585. 







Bakgrunnsstoff |



  • Dave Rowberry på Find a Grave
























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva