Eifel

Multi tool use

Laacher See, ein av innsjøane i Vulkaneifel

Om vinteren er Eifel ofte dekt av snø
Eifel er ei låg vulkansk fjellkjede vest i Tyskland. Han ligg i sørvestlege delar av Nordrhein-Westfalen og nordvest i Rheinland-Pfalz.
Eifel grensar til elva Mosel i sør og til Rhinen i aust. I nord held kjeda fram som Hautes Fagnes (Hohes Venn) og i vest Ardennane. Ardennane og Eifel er eigentleg den same geologiske regionen og dei er eit enkelt vulkanfelt.
I tertiærtida var Eifel eit omfattande vulkanområde. Nokre av åsane er vulkanske skorsteinar og innsjøane i området er tidlegare vulkankrater. Det siste utbrotet fann stad for rundt 10 000 år sidan. Vulkansimen i Eifel er skapt av ein søylestraum, ein stad der varmt stoff frå djup i mantelen stig til overflata. Forsking har vist at mantelplumen framleis er aktiv. Eifelområdet stig 1-2 mm kvart år. Tidlegare hadde Eifelvulkanane inaktive fasar på 10 000 til 20 000 år mellom aktive fasar, noko som tyder at det kan vere mogelege utbrot her i framtida.
Det er fleire kjeder innanfor Eifel:
- Den nordlegaste heiter Ahrgebirge og stig opp nord for elva Ahr i landkreis Ahrweiler.
- Sør for elva ligg Hohe Eifel, der ein finn det høgaste fjellet i Eifel, Hohe Acht på 747 meter.
- I vest, ved den belgiske grensa, ligg åsane som vert kalla Schneifel (opphavleg Schnee-Eifel som tyder «Snø-Eifel»), som er opp mot 698 meter høge.
- Den sørlege halvdelen av Eifel er ikkje like høge. Ho vert kryssa av fleire elvar som går frå nord til sør mot Mosel. Den største av desse elvane er Kyll, og åsane på kvar side av denne elva vert kalla Kyllwald.
- I sør endar Eifel med Voreifel i nærleiken av Mosel.
Nürburgring, ein av dei mest kjende bilbanane i verda ligg i Eifel. Den nordlege sløyfa (Nordschleife) av banen vert òg kalla «det grøne helvete» (Grüne Hölle), sidan ho er ein lang, vanskeleg og farleg del gjennom den lokale skogen.
Sidan 2004 har eit 110 km² stort område av Eifel vore ein del av Eifel nasjonalpark.
Ein attraksjon i området er Eifelakvedukten, ein av dei lengste akveduktane i Romarriket, som gjev byen Köln vatn.
Bakgrunnsstoff |
- Historisk bakgrunn: Eifelområdet
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Eifel frå Engelsk Wikipedia .
Mittelgebirge
|
Bayerischer Wald |
Böhmerwald |
Eifel |
Elbsandsteingebirge |
Erzgebirge |
Fichtelgebirge |
Dei frankiske Alpane |
Frankenwald |
Harz |
Hessisches Bergland |
Hunsrück |
Lausitzer Bergland |
Oberpfälzer Wald |
Odenwald |
Pfälzerwald |
Rhön |
Sauerland |
Schwabisk Alb |
Schwarzwald |
Spessart |
Taunus |
Thüringer Schiefergebirge |
Thüringer Wald |
Vogelsberg |
Westerwald |
Zittauer Gebirge
Autoritetsdata |
- WorldCat
- VIAF
- GND
- LCCN
- SUDOC
- NKC
- GeoNames
|
|
|
LwRXWqUpvq 3O7pLaZzDiE9Z EqiYc9 tYe,gjF7gZm uXrN6T1U,t o4yzav6B,v41huIC UzInYXEha
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...