Nordlandsbåt







En Nordlandsbaad. Fotografi frå Vågan på 1890-talet.


Nordlandsbåt viser til båtar som er opne og av ulik storleik bygd i Nordland eller Troms. Ein nordlandsbåt av ny type (etter byrjinga av 1800-talet) har rette og høge stamnar som står nesten vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årer og råsegl.


Fembøringen er den største nordlandsbåttypen med fem årepar. Ein åttring var opphavleg ein båt med åtte årer. Åttringen vart etter kvart bygd endå større og kunne ha ti årer, men namnet endra seg ikkje anna enn at denne typen vart kalla storåttring. «Seksring» eller trirøing hadde begge seks årer. Færingen var minst og hadde oftast fire årer. Færingen kan òg bli kalla «kjeks» — eit ord som nokre vil setje i samanheng med engelsk ketch, men som truleg heller heng saman med ordet kokse.


Salten, Bindal og Rana var hovudsentra for trebåtbygging i Nordland. I Salten vart båtane gjerne bygd i furu, medan gran vart mest brukt i Bindal og Rana.


Mot slutten av 1800-talet vart andre båttypar, mellom anna med dekk, tatt i bruk i fiskeria, og dei tradisjonelle nordlandsbåtane vart nesten heilt borte. Dei nye typane var ofte finneidbåtar og listerbåtar



Oversyn over nordlandsbåtar |


Oversynet over ulike typar av nordlandsbåtar er eit relativ oversyn. Båten finst i ulike storleikar, men lengda går på skjønnet til båtbyggjaren og ikkje etter eksakte mål. Færingen er grunnbåten i systemet, og han er på ca 14 fot. Dei største båtane er på kring 44 fot, men det finst fleire historier om ekstra store fembøringar. Den største som blir nemnt i litteraturen er på 58 fot. Av dei kring 160 oppmålte nordlandsbåtane er det vanskeleg å finne to som er av same storleik. Trass dette finst det likevel fleire ulike kategoriar med eigne typenamn. Namnet kunne variere mellom ulike regionar i Nord-Noreg.




Bindalsfæring og fembøring i Vefsna; Sjøgata i Mosjøen




  • Færingen (også kjend som: kjeks og sjun) er minst 14 fot, har to rom mellom toftene og to par årer.


  • Hundromsfæringen (også kjend som: kjeks) har i tillegg eit halvt rom på midten og er ca. 17 fot.


  • Seksringen (også kjent som kobbroms-båt eller treroring) er ca 20 fot og har plass til tre par årer.


  • Halvfjerderømmingen er ca. 22 fot. Har tre par årer, men har eit halvt rom meir enn seksringen.


  • Firroringen er ca. 24 fot og har fire par årer.


  • Halvfemterømmingen har et halvt rom meir enn firroingen og er ca. 28 fot.


  • Åttringen hadde opphavleg fire årepar, seinare fem. Åttringen er mellom 30 og 38 fot og har eit halvrom meir enn firroringen.


  • Fembøringen er den største nordlandsbåten og har fem eller seks årepar; han kunne vere opptil 48 fot.


  • Stor-fembøring er namnet på dei ekstra store fembøringane.



Kjelder |


  • Omsett frå «Nordlandsbåt» på Bokmålswikipediaen, den 27. november 2006.


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordlandsbåt








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva