James Maxton




















James Maxton

Portrait of James Maxton.jpg

Fødd
22. juni 1885
Pollok
Død

23. juli 1946


Yrke
politikar

James Maxton (1885–1946) var ein skotsk politikar. Han var fødd ved Glasgow som son av to skolelærarar, noko han blei sjølv au, sidan.


I 1904 melde han seg inn i Independent Labour Party ILP, som var kollektivt tilslutta Labour Party, Det britiske arbeidarpartiet.


Maxton var motstandar av første verdskrigen og måtte sitte eit år i fengsel på grunn av det.


Han blei innvald i parlamentet for kretsen Glasgow Bridgeton i 1922, og leidde ILP frå da av. Han var på denne tida tilhengar av at ILP skulle halde fram med å vere tilslutta Labour Party, men endra syn sidan, og leidde det venstresosialistiske partiet ut av sambandet med Labour Party i 1932.


Maxton døydde i 1946, medan han framleis var sittande parlamentsmedlem for Glasgow Bridgeton. Etter det stagnerte ILP, og på 1970-talet blei det lagt ned.


James Maxton var sedd som ein av dei største talarane på si tid, både i parlamentet og utanfor.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva