Elling Olsson Valbø
Elling Olsson Valbø | |
Fødd | 26. mai 1763 Ørskog |
Død | 13. desember 1831 |
Yrke | bonde, politikar, byggmeister |
Elling Olsson Valbø (Walbøe), seinare Elling Olsson Lande, (26. mai 1763–13. desember 1831), var ein norsk gardbrukar, byggmeister, eidsvollsmann og stortingsmann frå Ørskog.
Valbø var frå 1780 gardbrukar på farsgarden Valbø i Ørskog. Seinare kjøpte han garden Nedre-Lande i same bygda og flytta dit. Ved sidan av gardsdrifta var han verksam som byggmeister, og bygde mellom anna Innvik kyrkje og åttekantkyrkja på Sjøholt frå 1807 (flytta til Herøy i 1872).[1]. Valbø var også byggmeister for den åttekanta Hareid kyrkje som vart riven i 1877.
Han var forlikskommissær i Ørskog frå 1799 til 1827. I 1814 vart han vald til 3. utsending frå Romsdals amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. På riksforsamlinga engasjerte han seg først og fremst i hjartesakene til bøndene. Saman med fem andre bønder gjorde han framlegg om å selje kyrkjegodset og bruke pengane som grunnkapital til ein norsk sentralbank. Den same gruppa av bønder stod også bak eit framlegg om å gjeninnføre og grunnlovsfeste odelsretten. I spørsmålet om sjølvstende kontra union følgde Valbø ein annan utsending frå Romsdals amt, Jens Stub, og stemte med unionspartiet.
Ved valet til det overordentlege stortinget 1814 vart Valbø vald som 2. representant. Stortingsvalet for 1815-16 enda med at han vart 2. varamann (suppleant).
Kjelder |
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914- http://www.eidsvoll1814.no/?aid=9061021&selected=9063301
↑ Grimstad, Arnljot (2012): Korleis det kom kyrkje på Leikong. Årsskrift 2012, Ørskog historielag, hefte nr 22.
Biografisk informasjon om Elling Olsson Valbø NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Noreg i 1814 | |
---|---|
Historisk bakgrunn | Napoleonskrigane · Danmark-Noreg · Einevelde · Kielfreden |
Internasjonale hovudpersonar | Fredrik VI · Karl III Johan · Kristian Fredrik · Napoléon Bonaparte |
Stormannsmøtet på Eidsvoll | Carsten Anker · Peder Anker · Peter Anker · C.D.A. Arenfeldt · Frederik Bech · Christopher Bergh · Ludvig Frederik Brock · Kristian Fredrik · Jonas Collett · Hans Hagerup Falbe · Johan Friedrich Wilhelm Haffner · Frederik Gottschalk von Haxthausen · Poul Christian Holst · Otto Lütken · Jacob Nielsen · Hans Henrik Rode · Marcus Gjøe Rosenkrantz · Johannes Klingenberg Sejersted · Mathias Sommerhielm · Georg Sverdrup · Carsten Tank · Niels Treschow |
Regjeringsrådet | Carsten Anker · Jonas Collett · Thomas Fasting · Frederik Gottschalk von Haxthausen · Diderich Hegermann · Poul Christian Holst · Carl Henrik Holten · Marcus Gjøe Rosenkrantz · Mathias Sommerhielm · Carsten Tank · Jørgen Herman Vogt · Niels Aall |
Eidsvollmennene | Ole Olsson Amundrød · Peder Anker · Ole Rasmussen Apeness · Peder Paulsen Balke · Claus Bendeke · Omund Bjørnsson Birkeland · Gustav Peter Blom · Sivert Pålsson Bratberg · Thomas Bryn · Didrich von Cappelen · Henrik Carstensen · Wilhelm F.K. Christie · Peder Jørgen Clouman · Johan Collett · Carl Dahl · Jacob Darre · Christian Adolph Diriks · Niels Dyhren · Syvert Omundsson Eeg · Just Henrik Ely · Jens Erichstrup · Petter Johnsen Ertzgaard · Ole Olsen Evenstad · Jens Fabricius · Christian Magnus Falsen · Palle Fleischer · Richard Floer · Lars Larssen Forsæth · Helmer Gjedeboe · Brynjel Andersson Gjerdåker · Hans Jacob Grøgaard · Anders Hanssen Grønneberg · Pål Torsson Harildstad · Hans Haslum · Diderich Hegermann · Andreas Michael Heiberg · Frederik Heidmann · Iver Magnussen Hesselberg · Hieronymus Heyerdahl · Peder Pedersson Hjermann · Kristoffer Borgersson Hoen · Ole Holck · Christian Horneman · Peter Hount · Talleiv Olavsson Huvestad · Enevold Høyum · Ole Svensson Iglerød · Lars Johannes Irgens · Georg Jersin · Peder Johnsen · Erik Haagensen Jaabæk · Andreas Kiønig · Christian Christensen Kollerud · Thomas Konow · Arnoldus Koren · Hilmar Meincke Krohg · Even Torkildsson Lande · Jacob Erik Lange · Thor Reiersen Lilleholt · Nils Johannesson Loftesnes · Gabriel Lund · Teis Lundegaard · Osmund Andersson Lømsland · Anders Lysgaard · Severin Løvenskiold · Zacharias Melleby · Frederik Meltzer · Hans Midelfart · John Moses · Frederik Motzfeldt · Peter Motzfeldt · Christen Mølbach · Alexander Møller · Ole Mørch · Nicolai Nielsen · Hans Hein Nysom · Christopher Omsen · Daniel Frederik Petersen · Peter Blankenborg Prydz · Anders Rambech · Eilert Ramm · Asgaut Olsson Regelstad · Jonas Rein · Andreas Rogert · Jens Rolfsen · Peder Rosenkilde · Gullik Madssen Rød · Nicolai Scheitlie · Frederik Schmidt · Peter Schmidt · Arild Sibbern · Valentin Sibbern · Daniel Larsson Skjevik · Hans Stabel · Frederik Wilhelm Stabell · Paul Steenstrup · Carl Stoltenberg · Jens Stub · Georg Sverdrup · John Hansen Sørbrøden · Even Thorsen · Olav Knutsson Tveiten · Elling Olsson Valbø · Helge Ellingsen Waagaard · Georg Wasmuth · Herman Wedel-Jarlsberg · Laurits Weidemann · Nicolai Wergeland · Gregers Wulfsberg · Jacob Aall · Jørgen Aall |
Andre personar | Johan Gunder Adler · Magnus Björnstjerna · Edmund Bourke · Peder Bugge · Ole Detlevsen · Christian Emanuel Fischer · Nils Christian Frederik Hals · Johan Caspar Krogh · Mathias Bonsak Krogh · Claus Pavels · Hans H. Rode · Carl von Schmettow · Anders Fredrik Skjöldebrand · Nicolai Emanuel de Thygeson |
Hendingar | Bankmøtet · Regjeringsrådet/statsrådet i 1814 · Stormannsmøtet på Eidsvoll · Riksforsamlinga på Eidsvoll · Medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll · Sjølvstendepartiet · Unionspartiet · Krigen med Sverige · Slaget ved Langnes skanse · Stortinget i 1814 · Stortingsrepresentantar 1814 |
Lovverk | Den norske grunnlova · Jødeparagrafen · Mossekonvensjonen · Novembergrunnlova |
Plassar | Eidsvollsbygningen · Eidsvoll 1814 · Moss Jernverk · Konvensjonsgarden · Spydeberg prestegard |
Anna | Lærdalsferda · Eidsvollgarantien · Einige og tru til Dovre fell · Måleriet Eidsvold 1814 · Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 · Valkyrkje · Quodlibet |
|