Ytringsfridom








Eg er ueinig i det du seier, men vil forsvara med livet retten din til å seia det.



Tillagt Voltaire, eigentleg skrive av biografen hans, Evelyn Beatrice Hall.



Communauté silhouette modif.jpg


Ytringsfridom er fridommen menneske har til å uttrykkje meiningane sine i skrift og i tale. Dette gjeld og fridommen til å gi eller ta imot opplysningar. Det siste blir ofte kalla informasjonsfridom. Ytringsfridom omhandlar og retten til tausheit og retten til å velje å ikkje bli informert om noko som ein ikkje ønskjer å veta. Denne fridommen blir sett på som ein grunnleggjande menneskerett og ein berebjelke i eit fungerande demokrati.Ytringsfridomen i Noreg regulerast av formelle og uformelle normer og reglar.




«Bash Bush Band» bruker ytringsfridommen sin til å protestera mot president Bush under den andre innsverjinga hans. (Foto: Jonathan McIntosh)


Sjølv om ytringsfridom som regel blir sett på som noko positivt, er det sjeldan ein har full ytringsfridom. Lovverket i dei fleste land set visse grenser, til dømes mot æreskrenkingar, blasfemi, obskønitetar, valdskildringar eller oppfordring til grove lovbrot. Folk kan òg leggja band på kva dei seier fordi dei er redde for sosiale eller offentlege sanksjonar. Avgrensing av ytringsfridom blir kalla sensur.




Innhaldsliste






  • 1 Ytringsfridom og demokrati


  • 2 Bakgrunnen til ytringsfridom


  • 3 Ytringsfridomen kom til Noreg


  • 4 Kjelder





Ytringsfridom og demokrati |


Utvidinga av ytringsfridommen har skjedd saman med utviklinga av det moderne demokratiet. Fridommen til å kunne kritisera styresmaktene fritt, utan førehandsgodkjenning eller redsel for straff, skal hindra at denne makta blir korrupt. Det å faktisk kunna uttrykkja seg kan òg hindra at ein tyr til vald for å få fram bodskapen sin.



Bakgrunnen til ytringsfridom |


Ideen om ytringsfridom går heilt tilbake til antikken, men det var under opplysningstida at synet på ytringsfridom som ein grunnleggjande fridom vart laga. Forholdet mellom enkeltmenneske og statsmakt var noko opplysningsfilosofane Thomas Hobbes, John Locke og Jean-Jacques Rousseau var opptatt av. Dei meinte at danninga av statsmakter var basert på ein samfunnskontrakt, der enkeltmenneska gav vekk sin fridom til ein felles statsmakt for å få eit ordna samfunn, og at ein kunne ha ei framstilling om korleis samfunnet skulle vera. Filosofane hadde forskjellige syn på samfunnskontrakten, men alle førestillingane hadde enkeltmenneske som utgangspunkt. 



Ytringsfridomen kom til Noreg |


Noreg fekk ytringsfridom gjennom Grunnlova som vi fekk i 1814. Noreg gjekk frå å vere ein del av den dansk-norske «helstat» til å komme i union med Sverige. I unionen fekk Noreg status som ein eigen stat, men delte konge med Sverige. 



Kjelder |




  • «ytringsfrihet» i Store Norske Leksikon




  • «Ytringsfrihet» i Bokmål-Wikipedia



Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva