Nasjonaldyr
Nasjonaldyr kan vera dyr som blir rekna som særleg representative for eit land og/eller dei blir brukte i andre nasjonalsymbol. Mange nasjonaldyr har opphav i kongelege symbol, og er ein grunn til at mange land bruker «kongelege» dyr som ørn og løve som nasjonale symbol. Nokre nasjonaldyr kan ta utgangspunkt i lokal mytologi. Andre byggjer på dyrelivet som finst i landet.
I mange nordeuropeiske land er løve eit symbol på kongsmakta og finst i riksvåpen. Løva er rekna som konge av dyra, og tradisjonen med å bruka henne som symbol på kongsmakt skriv seg frå normannarane.[1] I Mellom-Europa er det fyrst og fremst ørnar, gjerne kongeørn, ein har brukt som symbol. Dette kjem opphavleg frå den romerske Aquila, ein forgylt ørn alle legionane bar meg seg som eit symbol på keisermakta.[2] Romarriket sitt eige nasjonalsymbol var likevel ulven som fostra opp Remus og Romulus, og ulv er fortsatt rekna som nasjonaldyr for Italia.[3] Den dobbelthovuda ørnen ein finn i mange austeuropeiske land kjem frå Austromarriket (Bysants).[4]
Oversyn over nasjonaldyr |
Albania: Ørn med to hovud, brukt i det albanske flagget og riksvåpenet.
Algerie: Fennek, brukt i idrettssamanheng. Det algeriske fotballandslaget blir kalla «les Fennecs».[5]
Antigua og Barbuda: Dåhjort, som blei innført hit frå Europa og ikkje lever på nokre andre karibiske øyar. Det marine nasjonaldyret er karettskjelpadde.[6]
Austerrike: Svart ørn, brukt i det austerrikske riksvåpenet
Australia: Emu og kenguru, begge brukt i det australske riksvåpenet
Bangladesh: Tiger (bengaltiger, bagh)[7]
Aust-Timor: Krokodille, kjend i soger som opphavet til øya Timor[8]
Canada: Bever, eit viktig dyr for kanadiske urfolk som huronar og for den økonomiske utviklinga til Canada. Symbolbruken går minst tilbake til 1600-talet.[9]
Chile: Andeskondor, huemul (liten hjort)
Danmark: Løve i riksvåpenet
Egypt: Saladin-ørn i flagg og riksvåpen.
England: Løve i riksvåpenet. Løva er i røynda frå det skotske riksvåpenet, riksvåpenet til England er heraldisk sett tre leopardar som vender andletet mot sjåaren (en face).[10]
Estland: Ulv[11]
Finland: Løve i riksvåpenet, svane, brunbjørn, åbor
Frankrike: Hane
Guatemala: Ketsalar
India: Elefant, tiger (bengaltiger)[12]
Indonesia: Ørn i riksvåpenet
Japan: Fasanar
Kina: Drake, panda
Laos: Elefant
Malaysia: Tiger
Mexico: Kongeørn
Montenegro: Løve i riksvåpenet
Nederland: Løve i riksvåpenet
New Zealand: Kiviar
Noreg: Den norske løva i riksvåpenet. I fleire avstemningar i Nitimen har elgen vorte kåra som nasjonaldyr.[13]
Pakistan: Skruegeit[14]
Panama: Harpyørn
Papua Ny-Guinea: Paradisfuglar i flagg og riksvåpen.
Polen: Kvit ørn i riksvåpenet
Portugal: Hane
Québec: Snøugle
Russland: Gullørn, bjørn
Skottland: Einhyrning,[15] i kongeleg samanheng også representert av ei raud løve.[16]
Serbia: Kvit ørn i riksvåpenet
Singapore: Merlion, løve i riksvåpenet
Sverige: Løve i riksvåpenet
Sør-Korea: Tiger
Sør-Sudan: Flodørn i riksvåpenet, lever i store delar av landet
Spania: Okse
Thailand: Elefant
Storbritannia: Løve i riksvåpenet
Tsjekkia: Løve i riksvåpenet
Tyskland: Svart ørn (Bundesadler) i riksvåpenet, panter
USA: Kvithovudhavørn, brukt i riksvåpenet
Venezuela: Brilletrupial
Wales: Raud drake i flagg og landskapsvåpen
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Nasjonalsymbol» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «List of national animals» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011.
Fotnotar |
↑ Oninas, J. (2004): Significant pre-figuration of medieval heraldry, frå Atlas of World Art, side 58
↑ Yates, J. (1875): Signa Militaria",, frå A Dictionary of Greek and Roman Antiquities, side 1044–1046
↑ Wiseman, T.P. (1995): Remus: a Roman myth, Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-48366-7
↑ Soloviev, A.V. (1935): Les emblèmes héraldiques de Byzance et les Slaves. Seminarium Kondakovianum no 7, side 119–164.
↑ lesfennecs.net
↑ National Symbols Of Antigua & Barbuda ved antiguanet.net
↑ National Icons, bangla2000.com
↑ etan.org
↑ Rudy Boonstra (11.07.2013). http://www.thecanadianencyclopedia.ca/en/article/beaver/. Manglende eller tom|tittel=
(hjelp)
↑ Neubecker, O. (1973): Heraldik (dansk). McGraw-Hill, Maidenhead, England. ISBN 87-7321-063-3, Side 64-65
↑ Helen Mihelson (24. april 2018). «Wolf picked national animal over hedgehog». Postimees.
↑ National Animal of India, culturalindia.net, National Symbols, indianembassy.hr
↑ Henriksen, H. & Storaas, H. (1999): Elg som en økonomisk ressurs: en kunnskapsoversikt. Høgskulen i Hedemark, rapport 13. Side 11
↑ Basic Facts, Ministry of Information and Broadcasting, Government of Pakistan, infopak.gov.pk
↑ Baindu Kallon (29. september 2013). «12 countries that have cooler national animals than the United States». Glopal Post. ; «National Animals: The Legendary, Extinct and Imaginary». ; «Scottish fact of the week: Scotland’s official animal, the Unicorn». ; «The Mystical Unicorn Of Scotland». ; «Scotland’s National Animal is a Unicorn».
↑ Royal Standard, The Royal Household
Nasjonalsymbol | |
---|---|
Kokarde · Nasjonaldrakt · Nasjonaldyr · Nasjonalepos · Nasjonalfarger · Nasjonalflagg · Nasjonalfuglar · Dans · Drikk · Idrett · Mat · Nasjonalplantar · Personar · Religiøse nasjonalsymbol · Riksvåpen · Stader · Slagord · Ting |