Loire




For det franske departementet med same namn, sjå Departementet Loire










































Loire

elv

Loire river DSC02485.jpg

Loire i Orléans.

Land

Flag of France.svg Frankrike

Nedslagsfelt
117 000 km²


Lengd
1 012 km
Middelvassføring

850 m³/s

Kjelde

Massif Central
 - høgd
1 408 moh.
Munning

Biscayabukta



Wikimedia Commons: Loire River




Kart over Loire i Frankrike.


Loire er den lengste elva i Frankrike med ei lengd like over 1 000 km og eit tilsigsområde på 117 000 km², meir enn ein femtedel av Frankrike. Den sentrale delen av Loiredalen vart ein del av verdsarvlista til UNESCO 2. desember 2000.




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Geografi


    • 2.1 Sideelvar


    • 2.2 Departement og byar




  • 3 Sjå òg


  • 4 Bakgrunnsstoff





Etymologi |


Namnet «Loire» kjem frå det latinske ordet Liger, som igjen er ein transkripsjon av det galliske (keltisk) namnet på elva. Det galliske namnet på elva kjem av det galliske ordet liga, som tyder «silt, sediment, slam», og som har gjeve det franske ordet lie (botnfall i vin). Liga kjem av den urindoeuropeiske rota *legh-, som tyder «å liggje» (som òg er opphavet til dette norske ordet).


I fransk er adjektivet som kjem frå elva ligérien, som i le climat ligérien («klimaet i Loiredalen»), som vert rekna som det mest behaglege i Nord-Frankrike med varmare vintrar og ikkje alt for heite somrar.



Geografi |


Elva har sitt utspring i dei nordaustlege delane av Cevennane, og renn hovudsakleg nordover gjennom Roanne og Nevers til Orléans, og frå der vestover gjennom Tours til Biscayabukta og Atlanterhavet ved Nantes. Elva har stundom ført til alvorlege flaumar, mellom anna i 1856, 1866 og 1910.


I motsetnad til mange andre elvar i Vest-Europa er det svært få demningar og sluser i Loire (Villeres-demninga som vart bygd i 1985 eit par kilometer sør for Roanne, har spelt ei nøkkelrolle i å hindre flaum). På grunn av dette er Loire ei svært populær elv for båtturar, der ho renn gjennom dei frodige landbruksområda, og forbi kalksteinsklipper og eventyraktige slott.



Sideelvar |




Loire ved Saint-Nazaire.



  • Allier

  • Cher

  • Indre

  • Loiret


  • Maine

    • Mayenne

    • Sarthe

    • Loir



  • Vienne

  • Erdre



Departement og byar |




Loire ved Blois.


Fleire departement i Frankrike er kalla opp etter Loire. Loire renn gjennom følgjande departement og byar:



  • Ardèche


  • Haute-Loire: Le Puy-en-Velay


  • Loire: Feurs, Roanne


  • Saône-et-Loire: Digoin

  • Allier


  • Nièvre: Nevers


  • Cher: Sancerre


  • Loiret: Gien, Orléans


  • Loir-et-Cher: Blois


  • Indre-et-Loire: Amboise, Tours


  • Maine-et-Loire: Saumur


  • Loire-Atlantique: Ancenis, Nantes, Saint-Nazaire



Sjå òg |


  • Loiredalen


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Loire



  • Offisiell turistside for Loiredalen

  • Centre-Val-de-Loire

  • Pays de la Loire

  • Vassvegar i Frankrike

  • Loire på reference.allrefer.com

  • Loire på sykkel





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva