Åge Aleksandersen
Åge Aleksandersen | |
Åge Aleksandersen i 2016 Foto: Tore Sætre | |
Fødd | 21. mars 1949 |
---|---|
Fødestad | Namsos |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 1965– |
Sjanger | Rock |
Instrument | Vokal og gitar |
Plateselskap | Norwave |
Verka som | Songar, gitarist, låtskrivar og musikkprodusent |
Prisar | Spellemannprisen i rock, Juryens hederspris i Spellemannprisen, LOs hederspris, Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris, Trondheim kommunes kulturpris, Bjellesauprisen, Norsk Artistforbunds Ærespris, Tekstforfatterfondets ærespris, Spellemannprisen for årets artist, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Erik Byes Minnepris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Rockheim Hall of Fame, Solprisen |
Åge Aleksandersen (fødd 21. mars 1949 i Namsos) er ein norsk rockeartist (songar, gitarist, låtskrivar og musikkprodusent). Han byrja karrieren sin som ein sentral artist i Prudence frå 1968 til 1975, der han var ein av opphavsmennene til den såkalla trrønderrocken gjennom at han song på dialekten sin. Seinare har Åge Aleksandersen vorte svært kjend som soloartist med støttebandet Sambandet, som han starta i 1976.
I 1980 deltok Åge Aleksandersen i norsk Melodi Grand Prix, der han kom på andreplass med songen «Bjørnen sover», som var ein kritikk av at Sovjetunionen invaderte Afghanistan. Det var med albuma Ramp (1980) og Dains med mæ (1982) at han fekk gjennombrotet sitt, og den mestseljande plata hans er Levva livet frå 1984. Totalt har han selt nesten 1,5 millionar plater, og omtrent alle albuma hans sidan 1980 har selt til gull.
Åge Aleksandersen er i dag ein av dei mest populære rockemusikarane i Noreg, og han har hatt eit breiare publikum og ein lengre karriere enn dei fleste andre i norsk rock.[1] Han har fått fleire spellemannsprisar, mellom andre heidersprisen for 1981 og for 2006.
Han har òg arbeidd som musikkprodusent, mellom anna for DDE.
Innhaldsliste
1 Diskografi
2 Utmerkingar
3 Kjelder
3.1 Fotnotar
Diskografi |
1975: 7800 Namsos
1976: Mot i brystet, mord i blikket, Bomben und Granaten
1977: Lirekassa
1979: French only
1980: Ramp
1981: Mølje og sodd
1982: Dains me mæ
1984: Levva livet
- 1984: Lys og varme (samleplate)
1985: Ljus och värme (svensk versjon)
1986: Eldorado
1989: Solregn
1990: Sanger
1991: Laika
1993: Din dag
1995: Med hud og hår
1997: Fredløs – Dylan på norsk
1999: Flyg avsted
2000: Gamle ørn
2000: Mit danske eventyr
2001: Åge Original (dobbel samleplate)
2002: Linedans
2005: To skritt fram
- 2005: 4 skritt tilbake (liveplate frå 2004-turneen)
- 2005: Gull
2006: Snöharpan (med tekstar av den svenske lyrikaren Dan Andersson)
2008: Katalysator
Utmerkingar |
Spellemannprisen 1980 i klassen rock for Ramp.- Heidersprisen under Spellemannprisen 1981.
Gammleng-prisen 1983 i klassen pop.- Årets spellemann under Spellemannprisen 1984.
- Utnemnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2006.
- Heidersprisen av juryen under Spellemannprisen 2006.
Gammleng-prisen sin veteranpris i 2008.
Kjelder |
- Artikkelen Åge Aleksandersen på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Aleksandersen, Åge» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
Fotnotar |
↑ Hvem er hvem?, s. 20
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|