Notodden Blues Festival
Notodden Blues Festival, NBF, er ein bluesfestival som årleg vert arrangert på Notodden i Telemark.
Festivalen vart arrangert første gong i 1988 og er ein av dei største bluesfestivalane i Nord-Europa. I 2002 var det 23 000 personar som kjøpte billett til arrangementet.
Nokre av artistane frå 2006 inkluderer Gary Moore, Beth Hart, Johnny Winter og Canned Heat.
Festivalen i 2006 vart opna av kommunalminister Åslaug Haga og festivalen i 2007 vart opna av statsråd Trond Giske.
NBFs Bluespris |
Festivalen har sidan 1991 delt ut ein eigen bluespris til artistar, personar eller organisasjonar som har gjort ein spesiell innsats for bluesen i Skandinavia. Prisen går under namn NBFs Bluespris og vinnaren får 20 000 kroner og ein statuett.
Vinnarar |
- 1991: Scandinavian Blues Assocation
- 1993: Geir Hovig
- 1994: Reidar Larsen
- 1995: Knut Reiersrud
- 1996: Kåre Virud
- 1997: Vidar Busk
- 1998: Tidsskriftet Blues News, Norsk Blues Union
- 1999: Jostein Forsberg
- 2000: Kristin Berglund
- 2001: Bjørn Berge
- 2002: Sven Zetterberg
- 2003: Hungry John
- 2004: John Mayall
- 2005: Trond Ytterbø
- 2006: Eric Malling
- 2007: Morten Omlid
- 2008: Pinetop Perkins
- 2009: Øyvind Pharo
- 2010: Rita Engedalen
Bakgrunnsstoff |
- Notodden Blues Festival