Framnesfjella
Framnesfjella | |
fjellkjede | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Mac. Robertson Land |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Framnesfjella (Antarktis) |
Framnesfjella er ei fjellkjede i Antarktis som består av Casey Range, Masson Range, David Range og Mekammen (Brown Range) og nærliggande fjell og toppar. Dei tre store fjellkjedene og mindre fjell i området vart oppdaga og namngjeve i februar 1931 av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition under Douglas Mawson. Kysten vart òg observert av norske kvalfangarar same året. Heile området vart kartlagd i detalj av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen i januar 1937. Namnet på fjellområdet vart gjeve av Lars Christensen etter Framnesfjellet, ein ås nær Sandefjord i Noreg.[1]
Kjelder |
↑ «Framnes Mountains». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 22. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff |
- A crystallographic study av perennially frozen ice surface of Patterned Lake, Framnesfjella, Aust-Antarktis By J.L.E. Chambers,E.J.L. Wilson
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Framnesfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).
|