Aunt Mary

Multi tool use
Aunt Mary |
Opphav |
Fredrikstad i Noreg
|
Aktiv |
1970–1973, fleire gjenforeiningar sidan 1978 |
Sjanger |
Progressiv rock |
Plateselskap |
Polydor |
Aunt Mary var eit norsk rockeband frå Fredrikstad som starta i 1969. Bjørn («Krisa») Christiansen på gitar og vokal, Jan Groth på orgel og vokal, Svein Gundersen på bass og vokal, og Ketil Stensvik på trommer utgjorde kjernen i bandet. Andre musikarar som var innom var Per Ivar Fure på fløyte, munnspel og saksofon og Bengt Jenssen på keyboard.
Den bluesbaserte, progressive rockemusikken til bandet vart gjeve ut i fleire land i Europa og singelen «Jimi, Janis And Brian» vart i 1971 det kommersielle gjennombrotet til bandet. Songen hylla dei avdøde heltane Jimi Hendrix, Janis Joplin og Brian Jones. Per Ivar Fure slutta i bandet før det albumet Loaded og det same gjorde Groth for å satse på ein karriere som kristenpopartist. Bengt Jenssen (keyboards) kom inn i bandet, medan Christiansen og Gundersen frå no av delte på vokalen. Både Loaded og oppfølgjaren Janus (1973) selde bra i Noreg, men Aunt Mary vart likevel oppløyst i 1973.
Gundersen har sidan hatt suksess som låtskrivar, produsent og filmkomponist. Christiansen har laga soloplater og spelt med mellom anna Alex og New Jordal Swingers. Aunt Mary har med ujamne mellomrom heldt konserter sidan 1978, og i 1992 gav Groth, Christiansen, Gundersen og Stensvik ut bluesalbumet Bluesprints. 28. januar 2011 spelte bandet på Verdensspeilet i Fredrikstad 28. januar 2011.
Diskografi |
Aunt Mary (Polydor, 1970) gjeve ut på ny i 1974 på Karussell som Whispering Farewell
Loaded (Philips, 1972)
Janus (Vertigo, 1973)
The Best of Aunt Mary (Philips, 1974) samleplate
The Best of Aunt Mary Volume 2 (Philips, 1975) samleplate
Live Reunion (Philips, 1981) livealbum
Bluesprints (Sonet, 1992)
The Things We Stood For (2007)
Barbed Wire Waves (Pan, 2009) radiokonsert 1971
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Aunt Mary» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2013.
Bakgrunnsstoff |
- Biografi fra Norsk pop- og rockleksikon
- Biografi på Progrock.no
- Biografi på Groove
Autoritetsdata |
- ISNI
- MusicBrainz (artist)
- Discogs (artist)
|
|
sSDS8t,Wjv6 1EIt2EBsw0U4,z4Od KaU6Od6OVuZ065 2TRpXLl1lh,GPbMxgHj3WCo98PYc4
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...