Pommernbukta






Satellittbilete av Stettiner Haff og Pommernbukta (i nord)


Pommernbukta (polsk: Zatoka Pomorska; tysk: Pommersche Bucht) er ei bukt sørvest i Austersjøen ved kysten av Polen og Tyskland.


Sør for bukta ligg Stettiner Haff der elva Oder munnar ut, og mellom desse to sjøområda ligg øyane Usedom/Uznam og Wolin der tre sund knyter Pommerbukta og Stettiner Haff i saman: Dziwna, Świna og Peenestrom. I vest ligg den tyske øya Rügen, og i nord den danske Bornholm.


Det største djupet i bukta er er berre 20 meter og saliniteten er om lag 8‰. Det er laga ein djupare vassveg over Pommernbukta frå hamna i Szczecin via elva Oder, Stettiner Haff og Świna, slik at større skip kan nå hamna i Świnoujście og Szczecin.


Dei viktigaste hamnebyane er:



  • Szczecin

  • Świnoujście

  • Dziwnów

  • Usedom

  • Wolgast



Bakgrunnsstoff |



  • Turisme i Vest-Pommern

  • vorpommern.de





Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bay of Pomerania frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?