Raudøya i Ørsta

Multi tool use
Raudøya
|
 Raudøya med Raudøyholmen. Yksnøya i Volda bak til venstre. Gurskøya heilt bak
|
Geografi
|
Stad |
Ørsta kommune
|
Koordinatar |
62°14′10,9″N 05°57′57,8″EKoordinatar: 62°14′10,9″N 05°57′57,8″E
|
Areal |
0,4 km²
|
Administrasjon
|
Land |
Noreg
|
Fylke |
Møre og Romsdal
|
Raudøya er ei øy og ein matrikkelgard i Ørsta kommune på Sunnmøre. Den har eit eit flatemål på om lag 394 daa, dvs litt mindre enn 0,4 kvadratkilometer.
Øya er relativt lang og smal, om lag 1,7 km lang og om lag 370 m brei på det breidaste, og nesten delt på midten, der den er berre ca 50 m på det smalaste. Dei to delane av øya er om lag like store i areal.
Nord for Raudøya ligg den ca 31 daa store Raudøyholmen, og den vesle holmen Blæja på ca 2 daa.
Raudøya ligg midt i utlaupet av Ørstafjorden, rett sør og vest for Liadalsbygda på den eine sida av fjorden og rett nord for Steinnes på den andre sida. Avstanden til Liadalsbygda er ca 700 m på det kortaste, og om lag 600 m over til Steinnes på den andre sida. Nordaustover frå øya ligg Vartdalsfjorden, som sørvest for øya går over i utlaupet til Voldsfjorden og held fram som Rovdefjorden.
Heile Raudøya er freda, som Raudøya landskapsvernområde og Raudøya naturreservat. Grunnlaget for fredinga er mellom anna den store forekomsten av kristtorn på øya. Det er òg særs mange fornminner på øya, mellom andre Kjemperøysa (sjå kjelder) der truleg holmgangsmannen Ljot den bleike vart gravlagt.
Raudøya er gardsnummer 64 i Ørsta. Her har vore 3 bruk på øya, men ingen av dei er i drift no, og øya har ingen fast busette. Det har også budd folk på Raudøyholmen.

Utsikt til Raudøya sett frå Liadalsnipa i Ørsta
Namn |
Namnet er eit vanleg øynamn, og siktar truleg til ein raudaktig bergart.[1]
Kjelder |
- Bjørn Jonson Dale: Ørstingar II Ættebok for Ørsta 1900-1998, Ørsta 1999 ISBN 82-91790-02-7, side 813-814.
Vis Raudøya i Ørsta i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnoteliste |
↑ «Raudøya» i Norske Gaardnavne (O.Rygh)
PzUz0t7foyxFtXp4y,AkYjy C0ipBN8CaLtcqfNqkym13KjTTQKhShL
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...