Svoveldioksid






Svoveldioksid-utslepp frå Halemaumau-krateret på Hawaii.


Soveldiosksid med kjemisk formel SO2 er ein fargelaus gass som vert danna ved at svovel brenn. Svoveldioksid reagerer med oksygen og er lett løyseleg i vatn. Dette gjer at svoveldioksid kan medføre uønskte helseeffektar.




Innhaldsliste






  • 1 Reaksjonslikningar


  • 2 Strukturformel og bindingstypar


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Reaksjonslikningar |


Reaksjonslikninga viser at eit svovelatom kan reagere med oksygengass og danne svoveldioksid:

S + O2 → SO2


Reaksjonslikninga nedanfor viser at dersom svoveldioksid vert oppløyst i vatn, vert det danna svovelsyrling:

SO2 + H2O → H2SO3


Svovelsyrling kan igjen reagere med vatn og danne svovelsyre, som vist i reaksjonslikninga nedanfor:

2 H2SO3 + O2 → 2 H2SO4



Strukturformel og bindingstypar |


SO2 er eit bøygd molekyl med C2vsymmetrigruppe. Svovelatomet har eit oksidasjonstrinn på +4, ei lading på 0 og er omgjeve av 5 elektronpar og kan skildrast som eit hypervalent molekyl. Frå perspektiv av molekylorbitalteorien, er dei fleste valenselektrona bunde opp i S-O bindingar.







Sulfur-dioxide-resonance-2D.png

Tre resonansstruktur av svoveldioksid


S-O-bindingane er kortare i SO2 (143.1 pm) enn i svovelmonoksid, SO (148,1 pm), medan O-O-bindingane er lenger i O3 (127.8 pm) enn i dioksigen, O2 (120,7 pm). Bindingsenergien er større i SO2 (548 kJ mol−1) enn i SO (524 kJ mol−1), medan han er mindre i O3 (297 kJ mol−1) enn i O2 (490 kJ mol−1). Desse dataa fører kjemikarar til å konkludere med at S-O-bindingane i svoveldioksid har ein bindingsorden på minst 2, som er forskjellig frå O-O-bindingane i ozon, som har ein bindingsorden på 1,5[1]



Bakgrunnsstoff |


  • Miljøstatus i Noreg: Svoveldioksid


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Svoveldioksid» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2009.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. Greenwood, Norman N.; Earnshaw, A. (1997), Chemistry of the Elements (2nd utg.), Oxford: Butterworth-Heinemann, ISBN 0-7506-3365-4  CS1 maint: Multiple names: authors list (link) s. 700









Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?