Sjakktitlar




Ein sjakktittel er ein tittel sjakkspelarar blir tildelt av Verdssjakkforbundet FIDE og tilknytte organisasjonar for sjakkprestasjonar. Titlane er livsvarige.




Innhaldsliste






  • 1 Sjakktitlar for prestasjonar i nærsjakk


  • 2 Eigne kvinnetitlar


  • 3 Titlar innan fjernsjakk


  • 4 Andre sjakktitlar


  • 5 Bakgrunnsstoff


  • 6 Fotnotar





Sjakktitlar for prestasjonar i nærsjakk |


Dei mest kjende titlane gjeld prestasjonar i sjakkspeling over bordet, nærsjakk, der resultat i internasjonale eller nasjonale sjakkturneringar kan kvalifisere for titlane.


Den mest kjende tittelen er Stormeister i sjakk. Det er no vel 1200 stormeistrar i sjakk i verda. Av desse er 10 frå Noreg.


Her er 4 titlar i nærsjakk som både menn og kvinner kan få, med kravet til eigen FIDE-rating i parantes:




  • Stormeister i sjakk (GM) rating 2500


  • Internasjonal Meister i sjakk (IM) rating 2400


  • FIDE-meister i sjakk (FM) rating 2300


  • Kandidatmeister i sjakk (CM) rating 2200



Eigne kvinnetitlar |


Det har tradisjonelt vore langt færre kvinner enn menn som har spelt sjakk, noko som i si tid medførte at det vart innført eigne kvinnetitlar, med noko lågare kvalifikasjonskrav. Nyare forsking som tok for seg dei 120.000 medlemmane i det tyske sjakkforbundet, og der det er 16 menn pr kvinne, viser at når så relativt få kvinner blir svært gode til å spele sjakk, så er det fordi det er så få kvinner som spelar sjakk.[1]


Dei beste kvinnelege spelarane i verda er no stormeistrar, ein tittel som lenge berre menn hadde. Judit Polgar frå Ungarn har vore rangert blant dei 10 beste spelarane i verda, og var blant dei 8 finalistane som spelte VM-turnering i San Luis i Argentina i 2005.


Her er såleis 4 tilsvarande titlar som berre kvinner kan få:




  • Kvinne-stormeister i sjakk (WGM) rating 2300


  • Kvinne-IM i sjakk (IM) rating 2200


  • Kvinne-FM i sjakk (FM) rating 2100


  • Kvinne-CM i sjakk (CM) rating 2000



Titlar innan fjernsjakk |


Det internasjonale fjernsjakkforbundet (ICCF) delar ut tilsvarande titlar for prestasjonar i fjernsjakk-turneringar, fjernsjakktitlar:



  • Internasjonal fjernsjakkstormeister

  • Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk


  • Internasjonal Meister i fjernsjakk.



Andre sjakktitlar |


Det blir delt ut tilsvarande titlar for dei som har laga mange vakre sjakkproblem, og for dei som gjer sterke prestasjonar i konkurransar i å løyse sjakkproblem.


Det blir også delt ut andre titlar, som titlar for internasjonale turneringsleiarar (sjakkdommarar) og for dei som organiserer internasjonale sjakkturneringar.



Bakgrunnsstoff |


  • FIDE sine heimesider - tittelkrav


Fotnotar |





  1. Ein studie frå Universitet i Oxford









Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?