Bobby Kimball
Bobby Kimball | |
| |
Fødd | 29. mars 1947 (71 år) |
---|---|
Fødestad | Orange i Texas i USA |
Fødenamn | Robert Troy Kimball |
Opphav | USA |
Aktiv | 1962 til i dag |
Sjanger | Arenarock, hardrock, poprock, adult contemporary, softrock |
Instrument | vokal, klaverinstrument, perkusjon |
Stemmetype | tenor |
Tilknytte artistar | Toto, Jimi Jamison |
Verka som | Songar, musikar |
Robert Troy «Bobby» Kimball (fødd 29. mars 1947) er ein amerikansk songar, mest kjend som originalt medlem i Toto.[1]
Biografi |
Kimball voks opp i Vinton i Louisiana. Han vart interessert i musikk så tidleg som fem år gammal og byrja å syngje. Seinare lærte han seg piano og lytta mykje til Dixieland jazz. Seinare vart han inspirert av R&B, og særleg Ray Charles, seinare òg Aretha Franklin og Otis Redding. Den britiske bølgja vart òg avgjerande for den seinare retninga han tok. Han byrja på medisinstudiar tidleg i 1970-åra og spelte på fritida med grupper som the Levee Band i New Orleans.
Kimball valte å prøve lukka i musikkindustrien og flytta til Los Angeles i 1974. Her møtte han tilfeldigvis Floyd Sneed, Joe Schermie og Mike Allsup, tidlegare medlemmar i Three Dog Night. I lag danna dei gruppa SS Fools, som spelte inn eit album for Columbia Records, men bandet vart oppløyst etter den første turnéen. Det var på denne tida Kimball møtte Jeff Porcaro og David Paich, to studiomusikarar i Los Angeles.
18 månader etter SS Fools vart nedlagd, spurte Paich og Porcaro om Kimball ønskte å bli songar i det nye bandet deira, Toto. Han fortalte seinare at dei hadde blitt avvist av Michael McDonald og Kenny Loggins, som var for opptekne av sine eigne karrierer. Toto vart raskt populære og fekk stor suksess, særleg utover i 1980-åra. Kimball var med i bandet fram til 1984. Han hadde på den tida utvikla eit alvorleg narkotikaproblem som gjorde det umogeleg å fortsette i bandet. Han valte å legge seg inn på avrusing og flytta til Tyskland. Solokarrieren gjekk treigt, men han byrja etter kvart å syngje som studiomusikar. Han kom òg attende til Toto ved nokre høve
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Bobby Kimball» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Bobby Kimball Encyclopedia
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
IMDb om Bobby Kimball
Toto | |
---|---|
Steve Lukather · David Paich · Steve Porcaro · Joseph Williams · Shannon Forrest Jeff Porcaro · Bobby Kimball · David Hungate · Mike Porcaro · Fergie Frederiksen · Jean-Michel Byron · Simon Phillips · Greg Phillinganes · Keith Carlock | |
Studioalbum | Toto · Hydra · Turn Back · Toto IV · Isolation · Fahrenheit · The Seventh One · Kingdom of Desire · Tambu · Mindfields · Through the Looking Glass · Falling in Between · Toto XIV |
Konsertalbum | Greatest Hits Live...and More · Absolutely Live · Livefields · Falling in Between Live |
Samlealbum | Past to Present 1977–1990 · Best Ballads · Toto XX · Super Hits · The Very Best of Toto · The Essential Toto · The Collection |
Filmmusikk | Dune |
Kjende songar | «Hold the Line» · «I'll Supply the Love» · «Georgy Porgy» · «99» · «Rosanna» · «Make Believe» · «Africa» · «I Won't Hold You Back» · «Stranger in Town» · «I'll Be Over You» · «Stop Loving You» · «Pamela» · «2 Hearts» · «Bottom of Your Soul» |
Tilknytte folk | Lenny Castro · Nathan East · Tony Spinner · Tom Kelly · Joe Porcaro · Marty Paich |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Boz Scaggs |
|