Musikkgruppa Briskeby



































Briskeby
Briskeby-konsert-roskilde.jpg
Briskeby under ein konsert på Roskilde-festivalen i Danmark i 2001.
Opphav
Larvik i Noreg
Aktiv 1999 – 2006
Sjanger
Rock, pop
Plateselskap Forward,
Universal,
Mercury Records
Medlemmer Lise Karlsnes
Bjørn Bergene
Bård Helgeland
Claus Heiberg Larsen
Tidlegare medlemmer Liv Einarsen
Prisar
Spellemannprisen for årets gruppe, Spellemannprisen for årets artist, Spellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets hit, Alarmprisen for årets nykommer

Briskeby var ei norsk rockegruppe frå Larvik.




Innhaldsliste






  • 1 Historia


    • 1.1 The Disciplines




  • 2 Medlemmer


  • 3 Diskografi


    • 3.1 Album


    • 3.2 Singlar




  • 4 Bakgrunnsstoff





Historia |


Gruppa byrja i området rundt Tønsberg/ Larvik, der Bjørn Bergene og Claus Heiberg Larsen starta å spele saman som 12-åringar. På slutten av 90-talet fór dei til Oslo saman med Bård Helgeland og vokalisten Liv Einarsen. På den tida kalla musikkgruppa seg for Cosmic Debris, men det gjekk kort tid før dei vedtok å skifte namn. Dei valte å kalle gruppa for Briskeby, oppkalla etter staden der dei hadde øvingslokalet sitt. Gruppa fekk ein kontrakt med selskapet Forward, og gav ut EP-en «Song To Whisper» tidleg i 1999. Vokalisten Liv forlét gruppa kort tid etter.


Gruppa var ute etter ein ny vokalist, og Lise Karlsnes frå Tønsberg vart oppdaga på ein fest. Ho jobba på ein bensinstasjon, og hadde inga anna musikalsk erfaring enn eit par tilfeldige oppvisningar med ein viseduo. Karlsnes takka ja til tilbodet, og vart frontfigur for Briskeby. Musikkgruppa slo gjennom med singelen «Propaganda», og fekk kontrakt med Universal. Giganten sendte Briskeby til Stockholm, der det første albumet deira, Jeans for Onassis vart spelt inn. I forkant av lanseringa til albumet, slapp gruppa ein ny singel, «Wide Awake», som vart ein ny slager. Jeans for Onassis kom til å verte ein storseljar med over 120 000 selde album. Briskeby gjorde det særskilt bra under Spellemannprisen 2000, der dei sikra seg fire trofear.


Gjennom store delar av 2001 hadde Briskeby suksess på fleire festivalar i både inn- og utlandet. Gruppa var også støtte for a-ha under turneen deira i Tyskland, og fekk då noko internasjonal merksemd. I 2002 reiste Briskeby til Frankrike saman med produsent Michael Ilbert for å lage det andre studioalbumet sitt. Albumet vart kalla for Tonight, Captain? og kom i 2003. Det selde rundt 30 000 eksemplar, og vart ein nedtur samanlikna med debutalbumet deira. I 2005 lanserte Briskeby det tredje og siste studioalbumet sitt, Jumping On Cars, som heller ikkje selte like mykje som det første albumet. I 2006 avgjorde gruppa at dei skulle ta seg ein pause.



The Disciplines |


Då Briskeby tok farvel, vart musikkgruppa The Disciplines skipa. Medlemmene som var frå Larvik heldte fram med å spele og fann ein ny vokalist, sidan Lise Karlsnes forlét gruppa. The Disciplines har medlemmene Ken Stringfellow (vokal), Bjørn Bergene (gitar), Bård Helgeland (bass) og Claus Heiberg Larsen (trommer), og dei gav ut debutalbumet sitt, Smoking Kills, våren 2008. Sommaren 2008 spelte The Disciplines på ei rekkje festivalar i Noreg og Europa, og hausten same året var musikkgruppa støtte på europaturneen til R.E.M..



Medlemmer |



  • Lise Karlsnes - vokal

  • Bjørn Bergene - gitar

  • Bård Helgeland - bass

  • Claus Heiberg Larsen - trommer



Diskografi |








Album |




  • 1999 Song to Whisper (EP)


  • 2000 Jeans for Onassis


  • 2003 Tonight, Captain?


  • 2005 Jumping On Cars




Singlar |




  • 2000 «Propaganda»


  • 2001 «Wide Awake»


  • 2002 «Cellophane Eyes»


  • 2003 «Hey Baby»






  • 2003 «Hallelujah»


  • 2005 «Miss You Like Crazy»

  • 2005 «Joe Dallesandro»


  • 2006 «Bobby, Come Back»




Bakgrunnsstoff |



  • Biografi om Briskeby - Mic.no

  • Briskeby tar farvel - Aftenposten.no

  • Rest-Briskeby blir Disciplines - Nrk.no





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva