Hellbillies






Hellbillies


Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal som blei starta i 1990, og som sidan starten har hatt stor suksess. Dei har gitt ut ei rekke plater som alle har selt svært bra.


Tekstane er skrivne på nynorsknært hallingmål, og dei er om alt frå kvardagslege og jordnære ting til djupare stoff, til dømes samfunnskritikk. Dei har au samarbeidd med musikarar frå USA: Rob Hajacos frå Nashville, som spelar fele på dei fleste platene av Garth Brooks, spelar au fele på tre av platene til Hellbillies. Han har au vore to gonger i Noreg for å halde konsertar og spela inn plater saman med Hellbillies.


Bandet blei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2007 og vann i tillegg klassen country for albumet Spissrotgang. I 2008 vann dei Gammleng-prisen i klassen rock/roots.


Hellbillies er eit svært aktivt turneband, og spelar over heile landet.




Innhaldsliste






  • 1 Medlemer


  • 2 Diskografi


  • 3 Kjende songar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Medlemer |




  • Aslag Haugen - vokalist, gitarist


  • Lars Håvard Haugen - lead-gitarist, vokalist


  • Arne Moslåtten - trekkspel, fløyte


  • Bjørn Gunnar Sando - trommer


  • Arne Henry Sandum - bass


  • Lars Christian Narum - (ikkje fast del av bandet, men blir leigd inn på tangentar.)


  • Trond Nagell Dahl - (ikkje offisielt medlem, men fast turnedeltakar på tangentar.)



Diskografi |




Sylvspente boots – 1992


Pela stein – 1993

Fekk Spellemannsprisen for beste «roots»-plate i 1993. Spela inn i Crazy Mama's Studio, Nashville.


Lakafant – 1995


Drag – 1996

Innspela i Nashville.


LIVe LAGA – 1997

Spela inn live på Down on the farm-festivalen i Østfold.


Sol over livet – 1999

Studioalbum.


Urban Twang – 2001

Selde i over 30 000 eksemplar den fyrste månaden, noko som kvalifiserte til gullplate. Spela inn i Hit Shack Studio i Austin, Texas med Stephen Bruton som produsent.


CoolTur – 2002


Niende – 2004


Røta – 2006

Samling med Hellbillies beste - live frå Rockefeller - seksarterning i VG


Spissrotgang – 2007

Var på topp på VG-lista i veke 43 og 44 i 2007, for fyrste gongen i historia til bandet. Arne Moslåtten vann Edvard-prisen for plata.



Kjende songar |



  • Ei krasafaren steinbu

  • Hallo Telenor

  • På Ål stasjon

  • Mørkemann



Bakgrunnsstoff |


  • Den offisielle nettstaden til gruppa






Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva