Spellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets mannlige artist, Alarmprisen i pop, Amandaprisen for beste musikk
Thomas Dybdahl(fødd 12. april 1979) er ein norsk songar og låtskrivar frå Sandnes. Han er vinnar av Spellemannprisen og Alarmprisen.
Dybdahl var gitarist i det jazz- og popinspirerte Stavanger-bandet Quadrophenics. Han fekk mykje merksemd for singeldebuten «Bird» i 2000. EPen John Wayne i 2001 vart ikkje så populær.
Året etter gav Dybdahl ut sitt første musikkalbum, That Great October Sound. Albumet selde godt, og blei spelt mykje på radio, samstundes som media gav albumet mykje merksemd. Platene Stray Dogs (2003) og One Day You'll Dance For Me, New York City (2004), bygde opp om Dybdahl sin posisjon som ein viktig popmusikar i Noreg.
Thomas Dybdahl er òg vokalist i popgruppa The National Bank, som omfattar medlemer mellom anna frå Jaga Jazzist. The National Bank album- og konsertdebuterte sommaren 2004, og mottok Spellemannprisen for årets pop-album.
Innhaldsliste
1Utgjevingar
1.1Musikkalbum
1.2EP-ar og singlar
1.3Deltaking i andre musikkutgjevingar
2Utmerkingar
3Bakgrunnsstoff
Utgjevingar |
Musikkalbum |
...That Great October Sound (2002)
Stray Dogs (2003)
One Day You'll Dance For Me, New York City (2004)
October Triology (2006)
Science (2006)
Waiting For That One Clear Moment (2010)
EP-ar og singlar |
Bird EP (2000)
John Wayne EP (2001)
Rain down on me (2003)
A lovestory (2004)
Deltaking i andre musikkutgjevingar |
Quadraphonics – Q (1998)
The National Bank – The National Bank (2004)
Utmerkingar |
Edvard-prisen 2002 i klassen populærmusikk for songen All's Not Lost frå ...That Great October Sound.
Spellemannprisen 2002 i klassen popsolist for ...That Great October Sound.
Alarmprisen 2003 i klassen pop.
Spellemannprisen 2006 i klassen beste mannlege artist for Science.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...