Brixton






Kart som viser Brixton i Stor-London.




Brixton Road.




Tate Library i Brixton med byste av Henry Tate i forgrunnen.
Foto: C. Ford



Brixton er eit område i Lambeth i det sørlege London. Det har særleg mange innbyggjarar av jamaicansk bakgrunn, og er blitt omtala som the Soul of Black Britain. Staden har eit aktivt uteliv, med mange klubbar og konsertar. Sentrum i Brixton er marknaden, der ein kan kjøpa ei rekke eksotiske varer.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Marknaden


  • 3 Kjende personar


    • 3.1 Politikarar


    • 3.2 Musikarar




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Historie |


Brixton ligg i møtepunktet mellom to store vegar, Clapham Road og Brixton Road, som opphavleg var bygde av romarane.[1] På 1000-talet er staden omtalt som Brixistane, ein møtestein kalla opp etter ein viss Brihtsige.


Fram til 1800-talet var det eit landleg område, men opninga av Vauxhall Bridge i 1816 og deretter utbygging av tog- og trikkelinjer gav betre kommunikasjon med London, og Brixton voks til ein forstad.


Dei første innflyttarane høyrde til middelklassen, og slo seg ned i store hus langs hovudvegane. Desse flytta etter kvart ut, og husa blei bygde om til leilegheiter og pensjonat for fattigare folk. Frå 1940-talet slo mange innvandrarar frå Karibia seg ned i Brixton.


På 1980-talet oppstod Brixton-opptøya, der ungdom av hovudsakleg karibisk opphav reagerte mot det dei oppfatta som rasisme frå politiet, som dei meinte behandla farga som mistenkelege personar på grunn av hudfargen. Opprøra førte til granskingar og forsøk på å betra tilhøva i Brixton, og haldningane hjå politiet. Sidan opptøya har Brixton gått gjennom ein gentrifiseringsprosess. Det er blitt ein hipp stad å bu og vitja, men er samstundes kjend for å vera eit salssenter for dop.


Nelson Mandela besøkte Brixton under sitt statsbesøk i Storbritannia i 1996.
I 1999 utløyste nynazisten David Copeland ei heimelaga bombe i Brixton. 39 menneske blei skadde.



Marknaden |



Africa shopping.jpg


Brixton Market er eit område i hjartet av Brixton der ein særleg sel afrikanske og karibiske varer. Det blir mellom anna selt frukt og grønt, fisk og kjøt, musikk og klede.


Electric Avenue er namnet på ein del av marknaden. Dette var den første gata i London som fekk elektris lys. Ho har inspirert songen «Electric Avenue» av Eddie Grant.



Kjende personar |



Politikarar |


Tidlegare statsminister Harold Macmillan var fødd i Brixton. John Major budde i delar av barndommen i ei lita leilegheit ved Colharbour Lane, og starta sin politiske karriere i bydelsrådet for Lambeth. Den tidlegare borgarmeisteren i London, Ken Livingstone, voks opp og budde lenge i området.



Musikarar |


David Bowie vart født i Stansfield Road. Nokre av medlemmene i rockebandet The Clash har også opphav i denne bydelen. Skin, kjend som songar i Skunk Anansie, voks opp her.



Kjelder |





  1. www.urban75.org




  • Denne artikkelen bygger på «Brixton» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2007.



Bakgrunnsstoff |



  • Brixton Then and Now (bilete som samanliknar bydelen i dag med korleis han såg ut tidlegare)
































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva