Christiaan Huygens






Christiaan Huygens


Christiaan Huygens (uttale ) (14. april 1629–8. juli 1695) var ein nederlandsk matematikar og fysikar fødd i Haag. Huygens blir vanlegvis forbundi med den vitskaplege revolusjonen.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og utdanning


  • 2 Vitskapleg arbeid


    • 2.1 Matematikk


    • 2.2 Fysikk


    • 2.3 Astronomi


    • 2.4 Eksperiment med ein forbrenningsmotor




  • 3 Ettermæle


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Liv og utdanning |


Huygens kom frå ein velståande familie. Faren hans, Constantijn Huygens, var diplomat og diktar. Gjennom faren kom Christiaan i kontakt med den tidas beste matematikarar, blant andre René Descartes, som fekk stor betydning for han når det gjaldt matematikken.


Christiaan Huygens studerte jus og matematikk ved Universitetet i Leiden frå 1645 til 1647. Etter dette heldt han fram med studiet ved eit Oranje-instituttet i Breda.



Vitskapleg arbeid |


I 1651 og 1654 publiserte Huygens sine første verk over matematiske problem. Etter kvart gjekk interessa hans meir til astronomi og sannsynsteori.



Matematikk |


Etter eit framlegg frå Blaise Pascal publiserte han den fyrste kjende boka om sannsynsteori[1].



Fysikk |


Det han er mest kjend for i fysikk, er framlegget om at lys består av bølgjer, og Huygens–Fresnel-prinsippet om bølgjeutbreiing.




Huygens sine skisser av Saturn.



Astronomi |


I 1655 oppdaga Huygens saturnmånen Titan med eit sjølvbygd teleskop. Titan var den første månen som blei oppdaga som ikkje gjekk rundt jorda eller Jupiter. Titan-landaren Huygens er oppkalla etter han.



Eksperiment med ein forbrenningsmotor |


Det er kjent at Huygens eksperimenterte med ein krutdriven atmosfæremotor. I eit brev til bror sin i 1673 hadde han teikna ei skisse av motoren[2]. Eit stempel i ein sylinder var festa til eine enden av eit tau, som gjekk over ei trinse på ein påle, med ei last som skulle lyftast i den andre enden av tauet. Lasta i tauet lyfta stemplet til øvre posisjon i sylinderen. Med stemplet i øvre posisjon vart ein krutladning i sylinderen sett av. Ventilar i sylinderen, laga av fuktig lêr og utforma som korte røyr som stakk ut, sleppte ut overskotsgassen, slik at trykket i sylinderen vart om lag likt med trykket på utsida. Når gassen i sylinderen vart avkjølt, vart volumet av gassen mindre og atmosfæretrykket på toppen av stemplet pressa det nedover i sylinderen. Krafta i tauet lyfta lasta i andre enden og det vart utført arbeid. Når det vart sleppt luft inn i sylinderen att, ville lasta i andre enden av tauet lyfta stemplet til øvre posisjon att. Ein ny krutladning måtte plasserast i sylinderen for kvar gong stemplet skulle lyfta. Huygens kom fram til at ein krutladning på ein halv kilo kunne lyfta ein masse på 1360 kg til ei høgd på 9 m[2]. Ifylgje The Early History of Combustion Engines[3] fekk Huygens motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680. Det er ikkje kjent om Huygens visste om framlegget til Abbé Hautefeuille, som om lag på same tid som Huygens kom med framlegg om å laga ein krutdriven atmosfæremotor. Så langt ein veit, var Huygens den fyrste som laga ein «stempelmotorar med innvendig forbrenning» som fungerte. Assistenten hans, Denis Papin, gjekk seinare over til å arbeida med dampdrive atmosfæremotorar.



Ettermæle |


Romsonden Huygens og romferda Cassini-Huygens er kalla opp etter Christiaan Huygens.



Referansar |





  1. ↑ Huygens, C., Calul des probabilites - Travaux de mathématiques pures, Bind 14, Société Hollandaise des Sciences, 1657.


  2. ↑ 2,02,1 Cummins, L., Internal fire, 3. utg., Carnot Press, 2000.


  3. ↑ The Early History of Combustion Engines, University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19/4-2008)




Bakgrunnsstoff |





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Riksmekleren

Waikiki