Eivind Torp
Eivind Torp | |
| |
Fødd | 12. mai 1844 Løten |
---|---|
Død | 16. mai 1890 Kristiania |
Nasjonalitet | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | lærar, politikar |
Eivind Olsen Torp (12. mai 1844–16. mai 1890) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Løten i Hedmark. Han var medlem av Venstre.
Torp var son til ein gardbrukar. Folketeljinga frå 1865 viser at han arbeidde heime på farsgarden Store Torp i Løten. Han gjekk ut frå Hamar seminar i 1869 og var lærar i Elverum frå 1870. Tre år seinare starta han opp ein privatskule i Elverum som han sidan dreiv. Han var medlem av heradsstyret i Elverum frå 1876, ordførar frå 1883 til han døydde. Samt medlem av forlikskommisjonen frå 1884.
Torp representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1886 til han døydde i 1890. Han var medlem av militærkomiteen, frå 1889 også medlem av Lagtinget. Torp døydde i 1890 i Kristiania under stortingsopphaldet der.
Kjelder |
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
|