J.J. Thomson
J.J. Thomson | |
| |
Fødd | Joseph John Thomson 18. desember 1856 Cheetham Hill i Manchester i Storbritannia |
---|---|
Død | 30. august 1940 (83 år) Cambridge i Storbritannia |
Nasjonalitet | Britisk |
Område | fysikk |
Yrke | fysikar, matematikar, universitetslærar |
Institusjonar | University of Cambridge |
Alma mater | University of Manchester University of Cambridge |
Doktorgradsrettleiar | John William Strutt |
Kjend for | Thomsons atommodell Oppdaginga av elektronet Oppdaginga av isotoper Massespektrometri |
Barn | George Paget Thomson |
Medlem | Royal Society International Scientific Esperanto Association Vitskapsakademiet i St. Petersburg Det sovjetiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Det bayerske vitskapsakademiet Accademia delle Scienze di Torino Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
Merknader Thomson er far til nobelprisvinnararen George Paget Thomson. |
Sir Joseph John Thomson (ofte berre J.J. Thomson) (18. desember 1856–30. august 1940) var ein engelsk fysikar og oppdagaren av elektronet. Denne oppdaginga gav han Nobelprisen i fysikk i 1906.
Frå 1884 til 1918 var han professor i Cambridge, og frå 1905 samstundes professor i Natural Philosophy ved Royal Institution i London. Frå 1918 var han Master of Trinity College i Cambridge. I 1880 viste han ut frå teorien til Maxwell at kvar og ein ladd lekam har ein elektromagnetisk tregleik. Han undersøkte elektrisk leiing i gassar og oppdaga i 1897 at katodestrålar består av ladde partiklar som han kalla korpusklar, som seinare viste seg å vere identiske med elektrona i atoma, og fann tilhøvet mellom ladningen deira og massen.
Han undersøkte òg ionestråler og fann prinsippa som vart lagt til grunn for massespektrografen.
Thomson vart utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.
Prisar (utval) |
1925 – Faradaymedaljen
1914 – Copleymedaljen
1906 – Nobelprisen i fysikk
1902 – Hughesmedaljen
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «J. J. Thomson» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: J.J. Thomson
Vinnarar av Nobelprisen i fysikk | |
---|---|
1901–1925 | Röntgen (1901) · |
1926–1950 | Perrin (1926) · |
1951–1975 | Cockcroft / Walton (1951) · |
1976–2000 | Richter / Ting (1976) · |
2001– | Cornell / Ketterle / Wieman (2001) · |
|