Vogge
Vogge er ei seng for spedbarn som ein kan gje ei voggande rørsle. Ei vogge kan hengjast opp i tau som ei huske, eller stå på bakken oppå meiar.[1]
Vogger er ei gammal oppfinning som er kjend frå ei rekkje stader i verda. Det er til døme funne ei karbonisert vogge i ruinane etter Herculaneum, som blei øydelagd av vulkanen Vesuv sitt utbrot i år 79.[2]
Kjelder |
↑ Gjerdi, Trond (12. juni 2018). «Vugge». Store norske leksikon. Henta 11. september 2018.
↑ «Life and death in Pompeii and Herculaneum». BBC. Henta 2018-09-11.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|