Adam
- For den bibelske personen Adam, sjå Adam og Eva.
Adam er eit mannsnamn med hebraisk opphav og tyder menneske. Den latinske forma av namnet er Adamus.
Namnet kan òg brukast som etternamn, anten i same form som førenamnet eller som patronym, slik som Adams eller Adamsen. Ein kjend målarfamilie frå München heitte Adam.
Namnet Adam har vorte brukt i Noreg sidan 1400-talet.
Innhaldsliste
1 Namnedagar
2 Kjende namneberarar
2.1 Adam som førenamn
2.2 Adam som slektsnamn
3 Bakgrunnsstoff
Namnedagar |
Adam har namnedag 24. desember i Noreg og 23. desember i Sverige.
Kjende namneberarar |
Adam som førenamn |
Den bibelske Adam, som i jødedommen, kristendommen og islam er sett på som det mannlege opphavet til menneskja
Adam av Bremen , tysk mellomalderprest
Adam Weishaupt (1748 - 1830), tysk jurist og grunnleggjar av Illuminati
Adam Ludvig Lewenhaupt (1659 - 1719), svensk general og greve
Gustaf Adam Taube (1673 - 1732), svensk greve
Adam Smith, (1723 - 1790), skotsk økonom
Johan Adam Cronstedt (1749 - 1836), svensk greve og offiser
Adam Oehlenschläger, (1779 - 1850), dansk romantisk forfattar
Adam Egede-Nissen, (1868 - 1953), norsk postmann og politikar
Adam Sandler (f. 1966), amerikansk komikar og skodespelar.
Adam Alsing, (f. 1968), svensk programleiar
Adam Małysz, (f. 1972), polsk skihoppar
Adam som slektsnamn |
Melchior Adam, (1575 - 1672) tysk litteraturhistorikar
Robert Adam (1728 - 1792), skotsk arkitekt
Johann Friedrich Adam, (1780 - 1838) tysk botanikar som seinare skifta namn til Michael Friedrich Adams
Albrecht Adam, (1786 - 1862), tysk målar
Adolphe Adam, (1803 - 1856), fransk komponist og kritikar
Benno Adam, (1812 - 1892) tysk målar, son til Albrecht
Bakgrunnsstoff |
SSB - namnestatistikk for mannsnamnet Adam i Noreg.