Muzayrib




Koordinatar: 32°42′39.2″N 36°1′35.8″E







































Muzayrib

مزيريب
by
Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Daraa guvernement

Distrikt

Daraa-distriktet

Nahiyah

Muzayrib

Koordinatar

32°42′39.2″N 36°1′35.8″E

Folketal
12 640 (2004) [1]


Tidssone

EET (UTC+2)




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Muzayrib (arabisk مزيريب, òg skrive Mzerib eller Mzereeb) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nordvest for Daraa ved grensa til Jordan. Av stader i nærleiken finn ein al-Shaykh Saad og Nawa i nord, Da'el, Tafas og al-Shaykh Maskin i nordaust, og al-Yadudah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, Muzayrib eit folketal på 12 640 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Muzayrib nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 72 625.[1] Muzayrib har òg eit samfunn av palestinske flyktningar.[2]



Historie |


Under osmanarane var byen kjend for kjeldene og basarane sine, og var den første store kvilestaden langs hadj-karavaneruta frå Damaskus til Mekka. Byen tente i lag med al-Shaykh Saad som adminstrative senter for regionen Hauran.[3] På 1500-talet vart det bygt ei festning på ordre frå den osmanske sultanen Selim I. Festninga hadde ein bøygd port, i motsetnad til andre fort i Haji som hadde ein rett inngang og vart bygd frå lokal, mørkegrå og hard basaltisk stein.[4]


I staden for lokale janitsjarar vart det sett ut soldatar ved festninga i Muzayrib.[5] Festnigna låg strategisk til i området bortanfor Damaskus, og demonstrerte den osmanske makta over Damaskus, som ofte gjorde opprør, både blant folket og dei lokale janitsarane. Leiarane i Damaskus heldt derfor streng kontroll over Muzayrib. På grunn av plasseringa langs pilegrimsruta Hajj vart det oppbevart store mengder tørrkaker i fortet for å gje dei til pilegrimane som var avhengig av kakene for når dei kryssa ørkenen, eller som reserveforsyningar for innbyggjarane i Damaskus.[6]


Mellom 1517 og 1757 vart hajj-karavanen ved Muzayrib angripe fem gonger av beduinar.[7] I 1770 vart den egyptiske opprørshæren til Ali Bey leia av Ismail Bey og ein alliert styrke leia av Dhaher al-Omar, den arabiske sjefen i Galilea, stoppa ved Muzayrib på veg for å erobre Damaskus. Då dei nådde Muzayrib for å møte guvernør Uthman Pasha, valte Ismail Bey å trekkje seg attende, fordi møtet skjedde samtidig med at hajj-karavanen kom til byen. Dhaher var imot tilbaketrekkinga.[8]


På 1800-talet inneheld fortet i Muzayrib store lagerhus, mindre bygningar og ein liten moske. Ei kjelde i nordaust tømde seg i eit lite tjern med mykje fisk. Ruinar låg langs vestsida av kjelda. Hajj-pilegrimane som kom til Muzayrib, som framleis var ein viktig kvilestad til karavaneruta, vart verande att i fleire dagar, og under kvar hajj vart det halde ein open marknad.[9] Ein turist skreiv mot slutten av hundreåret at staden ville ha blømd om det ikkje hadde vore for dei myrlendte områda kring som skapte mygg og feber.[10]


Byen vart knytt til det osmanske telegrafnettverket i Damaskus i 1875. Ein 103 km lang smalsporsbane mellom Muzayrib og Damaskus opna den 14. juli 1894. Linja vart forlenga til hamnebyen Beirut i 1985.[11] Jernbanen vart bygt langs ei underutvikla handelsrute og var økonomisk mislukka. Men det hjelpte å opne opp Libanon og utvikle jordbruksindustrien i dei frodige, vulkanske slettene i Golan og Hauran, og gjer dei til leiande produsentar av kveite i Midtausten.[12]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Muzayrib» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Douwes, Dick (2000). The Ottomans in Syria: a history of justice and oppression. I.B. Tauris. ISBN 1860640311. 


  • Hogarth, David George (2011). The Nearer East. Cambridge University Press. ISBN 9781108042079. 


  • Nicolle, David (2010). Ottoman Fortifications 1300-1710. Osprey Publishing. ISBN 9781846035036. 


  • Peters, F. E. (1995). The Hajj: The Muslim Pilgrimage to Mecca and the Holy Places. Princeton University Press. ISBN 069102619X. 


  • Philipp, Thomas; Schäbler, Brigit (1998). The Syrian Land: Processes of Integration and Fragmentation. Franz Steiner Verlag. ISBN 9783515073097. 


  • Rogan, Eugene L. (2009). The Arabs. Basic Books. ISBN 0465020062. 


  • Newbold, Captain (1846). «On the Site of Ashtaroth». Journal of the Royal Geographical Society of London (Wiley-Blackwell) 16: 331–338. doi:10.2307/1798240. 


  • Socin, Albert (1876). Palestine and Syria: Handbook for travellers. Karl Baedeker. 


  • Schumacher, G. (1897). «Der Südliche Basan». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins. 19-20: 65–227. 






  1. ↑ 1,01,11,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)


  2. ↑ واجب- خاص. «قتيلان وستة جرحى في شجار عشائري في تجمع المزيريب للاجئين الفلسطينيين» (på arabisk). تجمع العودة الفلسطيني - واجب. Henta 1. oktober 2012. 


  3. ↑ Newbold, 1846, s. 337.


  4. ↑ Nicolle, 2010, s. 25.


  5. ↑ Peters, 1995, s. 154.


  6. ↑ Douwes, 2000, s. 106.


  7. ↑ Peters, 1995, s. 373.


  8. ↑ Rogan, 2009, Chapter 2.


  9. ↑ Socin, 1876, s. 404.


  10. ↑ Schumacher, 1897, s. 167


  11. ↑ Philipp; Schäbler, 1998, s. 85.


  12. ↑ Hograth, 2011, s. 220-221.






Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Riksmekleren

Waikiki