Forbruk

Multi tool use
Forbruk eller konsum er eit omgrep innan økonomi som vert brukt om forbruket av varer og tenester på siste hand, det vil seie hjå forbrukarar i sluttleddet i verdikjeda. Inntekter i sluttleddet som ikkje vert konsumerte går til sparing, anten i form av finanssparing, investering eller eksportoverskot. Opplysningar og informasjon om konsumet i Noreg vert levert av Statistisk sentralbyrå. Med forbruksvarer eller konsumvarer er meint alle varer og produkt som eignar seg for direkte konsum av sluttforbrukarane, til dømes privatpersonar, skular eller sjukehus. Motsett er kapitalvarer eller innsatsvarer nemninga på råvarer, halvfabrikat eller maskiner som ikkje vert brukte direkte, men som vert nytta i produksjon av andre varer.
Innan samfunnsøkonomien ser ein på to typar konsum. Offentleg konsum er dei utgiftene som staten og kommunane har til for eksempel offentlege tenester. Offentleg konsum omfattar tenester og varer som vert brukte av offentlege institusjonar, som er åtte av staten, fylke eller éin eller fleire kommunar. Privat konsum er kjøp av varer og tenester til forbruksformål som er gjorde av hushald og ideelle organisasjonar. Det inkluderer òg utrekna avkastning på bustadkapitalen for hushald som eig eigen bustad. Derimot vert bustadkjøp rekna som realinvestering, ikkje konsum.
Fordeling av konsum på ulike varer og tenester er mellom anna avhengig av pris og inntekt. I samsvar med den modellen som forsørgingsbalansen er bygd opp på, kan dei produserte varene og tenestene anten konsumerast eller verte investerte.
Det er vanleg å skattleggje konsum med meirverdiavgift («moms») i vestlege land, med om lag 7–25 % av verdiane til vara eller tenesta. Avgifter på konsum kan innrettast for å påverke åtferda til konsumentane, for eksempel gjennom høgare avgifter på bensin, flyreiser eller bilar enn kva ein legg på andre varer. Fordelings- og miljøhensyn er dei vanlegaste motiva for å skattleggje konsum, men (progressiv) inntektsskatt vil nesten alltid ha større fordelingseffekt enn forbruksskattlegging.
nvg4shgZksEL,tWktE6Wn8w25Jj99EMOL VmB 3
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...