Trymskvida

Multi tool use

Loke i lufta. Illustrasjon av W.G. Collingwood.
Trymskvida (norrønt Þrymskviða) er eit eddadikt som skildrar den morosame soga om jotunen Trym som stel hamaren Mjølner frå guden Tor, og om korleis Tor får hamaren attende. Forskarane er ikkje einige om kor gammalt diktet er. Nokre trur at det er ein ung kristen parodi på dei gamle gudane.
Samandrag
Tor vaknar ein dag og finn ikkje Mjølner. Han ber Loke å finna ut kven som har stole han. Loke flyg til Jotunheimen og finn jotunen Trym. Trym seier at han har stole Tor sin hamar og:
- «Hann engi maðr
- aftr of heimtir,
- nema færi mér
- Freyju at kvæn.»
|
- «Ingen honom
- att fær heimta
- utan han fører meg
Frøya til viv.»
|
|

Loke og Tor hjå Frøya. Illustrasjon av Lorenz Frølich.
Gudane talar med Frøya og får vita at ho aldeles ikkje vil gifta seg med Trym. Dei held da møte til å finna ut korleis dei kan hitta hammaren. Heimdall har eit forslag:

Tor er kledd som ei brur og Loke som ei terne. Illustrasjon av Carl Larsson/Gunnar Forssell
- «Bindum vér Þór þá
- brúðar líni,
- hafi hann it mikla
- men Brísinga.
- Látum und hánum
- hrynja lukla
- ok kvenváðir
- um kné falla,
- en á brjósti
- breiða steina
- ok hagliga
- um höfuð typpum.»
|
- «Binde me um Tor
- brure-linet,
- bere han bjarte
brisinga-men.
- Late um honom
- lyklar ringle
- og kvende-klæde
- um kne falle;
- på brjostet setje me
- breie steinar,
- og hagleg binde me
- hovud-toppen.»
|
|
Kledd som Frøya fer Tor no til Jotunheimen med Loke kledd som ei terne. Trym held bryllaup med forkunnmat og Tor et umåteleg mykje. Trym vert mistenksam men Loke gjev han ei forklaring som han går med på:
- «Át vætr Freyja
- átta nóttum,
- svá var hon óðfús
- í Jötunheima.»
|
- «Frøya åt inkje
- åtte næter,
- so ovhuga var ho
- til Jotunheimen.»
|
|

Tor drep Trym. Illustrasjon av Lorenz Frølich.
Seinst lèt Trym bera inn Mjølner til å vigja brura. Då Tor kjenner hamaren sin drep han Trym og all hans ætt.
Torsvisa
Soga om Tor si brureferd har vore folkekjær i Norden gjennom tida. Om lag 1400
var rímur-diktet Þrymlur skapa i Island, det skildrar den same soga
som Trymskvida. Noko seinare vart truleg den fyrste Torsvisa dikta i
Noreg og sidan breidde ho seg ut til Sverige og Danmark. I ei norsk oppskrift
frå kring 1750 lyder den fyrste strofa slik:
- Torekall kom seg av skogen heim,
- trøytte var han og mode;
- tjuvann hev stoli burt hamaren hans,
- han visste kje kven det gjorde.
- Torekall tøymer no folen sin med taumom.
Bakgrunnsstoff
- Trymskvadet, gjendikting med kommentarar av Knut Ødegård i Edda-dikt II (Cappelen Damm 2014)
Trymskvida Omsetjing av Ivar Mortensson-Egnund
Þrymskviða Norrønt
Þrymlur Norrønt
Torekall vinn att hamaren sin Fleire utformingar av Torsvisa
yaePaviU8YGGFQo4,3g9GmcutGIfFjpkyHlb diE3GnBt Ur nA8nt7Pi0GULmwbge4
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...