Førjulstid
Førjulstid er tidsrommet før jul der ein førebur feiringa gjennom å skaffa julegåver, laga og hengja opp pynt, gjera reint og laga til mat. Handelsstader bruker førjulstida til å selja gåver, mat og pynt som høyrer jula til. For mange er det denne tida dei har det største salet, og dei kan leggja mykje arbeid i juleutstillingar og underhaldning i tida før jul. Julestrida, alt arbeidet rundt det å førebu jula, er knytt til denne tida.
Markering av førjulstida |
Ein kan markera at førjulstida er begynt ved å setja opp elektriske julelys og jule- eller adventspynt. Ein kan ha koselege stunder der ein tenner levande lys eller drikk særskilde drikkar, som gløgg. I samband med advent kan ein ha ein adventskalender.
Det kan haldast mindre feiringar, som luciadagen, julebord, juleselskap eller juleverkstad, samlingar der ein kjem saman for å førebu gåver, pynt eller søtmat til jul. Det blir også arrangert julekonsertar med julemusikk og teaterførestillingar med julespel.
Tidsmessig plassering |
Kva tid førjulstida tek til er det ulike tankar om i ulike samfunn og delar av samfunna. I Noreg og mange andre stader er det vanleg å rekna advent frå 1. desember som førjulstid. Hjå andre kan ho byrja to veker eller ein månad eller før jul. I USA er «Black Friday», dagen etter Thanksgiving i slutten av november, blitt den vanlege byrjinga på julesalet med nedsette prisar for å lokka kundar.[1] Butikkar kan ta til å selja juleeffektar i oktober, men mange reknar dette som ein for tidleg, ein «tjuvstart» på førjulstida. Organisasjonen Fremtiden i våre hender starta kampanjen «Gi oss jula tilbake!» mot det dei rekna som ei øydelggjande forlenging av jula. Kampanjen blei lagd ned etter at julemarsipan var å få kjøpt frå 26. september 2008.[2]
Kjelder |
↑ «Peak U.S. Web sales move closer to Christmas»
↑ «Julemarsipanen er her» i Dagbladet fredag 26.09.2008, «Hei hå, nå er det jul igjen» i NRK Hedmark og Oppland, 13.10.2008
Jul | |
---|---|
Advent | Adventskalender · Adventskrans · Adventsstjerne · Luciadagen · Litle julaftan |
Dagar i jula | Julaftan · Juledag · Romjul · Andre juledag · Tredje juledag · Heilagetrekongarsaftan · Trettandagen · Eldbjørgdagen · Tjuandedag jul |
Personar og vesen frå kristen tru | Jesusbarnet · Tre vise menn · Englar · Josef og Maria · Engelen Gabriel · Herodes den store · Nikolas av Myra |
Personar og vesen frå folketru | Julenissen: Fjøsnissen · Jultomten · Santa Claus · Père Noël · Sinterklaas · Fader Frost · Befana · Zwarte Piet · Belsnickel · Andre: Julebukk · Oskoreia |
Julemat og drikke | Akevitt · Julekaker · Julegraut · Lutefisk · Pinnekjøt · Ribbe · Nøtter · Marsipan · Juleøl · Julebrus · Gløgg · Julmust |
Julepynt | Elektriske julelys · Englespel · Juledekorasjon · Julekrybbe · Julepyramide |
Juleplantar | Julestjerne · Juleglede · Julekaktus · Juletre · Kristtorn · Misteltein |
Kulturuttrykk | Litteratur: Juleevangeliet · Julehefte · Julefilm · Julemusikk: Julesongar · Juleoratorium · Julekonsert · Julepost: Julekort · Julebrev · Julemerke · Julefrimerke |
Anna | Julefred · Juletrefest · Julenek · Julegåve Betlehemsstjerna · Juleoblat · Julemarknad · Kakelinne · Kornband · Julestove · Kravlenisse · Julestrømpe |