Ben Lomond
Ben Lomond | |
Vardefjellet | |
Munro, Marilyn | |
Utsyn over Loch Lomond mot Ben Lomond | |
Land | Skottland |
---|---|
Topp | Loch Lomond |
- høgd | 974 moh. |
- Primærfaktor | 819 m |
Wikimedia Commons: Ben Lomond, Scotland | |
Ben Lomond er eit fjell på 974 meter over havet i Dei skotske høglanda. Det ligg på austsida av Loch Lomond og er ein av dei sørlegaste Munros. Ben Lomond ligg i Ben Lomond National Memorial Park og Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, eigd av National Trust for Scotland. Fjellet er det høgaste punktet i Stirlingshire.
Fjellet er nemnd i den populære folkevise «The Bonnie Banks o' Loch Lomond».
Minnepark og nasjonalpark |
Sidan 1995 har området kring Ben Lomond hatt status som krigsminnesmerke, kalla Ben Lomond National Memorial Park. Parken er til minne om dei som mista livet i første og andre verdskrigen og vart laga ut av det tidlegare Rowardennan Estate med støtte frå National Heritage Memorial Fund.[1]
I 2002 oppretta den skotske regjeringa Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, den første nasjonalparken i Skottland.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Ben Lomond» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2011.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Donald Dewar opens Ben Lomond National Memorial Park». The Scottish Government. 11 November 1997. Henta 2. april 2011.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ben Lomond
Koordinatar:
|