Kyrkjemøtet
Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja.
Kyrkjemøtet skal arbeide for saker av felles kyrkjeleg karakter og elles for alt som tener det kristelege livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeidet innan Den norske kyrkja. Kirkemøtet skal òg verne og fremje samisk kyrkjeliv og ivareta dei internasjonale og økumeniske oppgåvene til Den norske kyrkja.
Kyrkjemøtet var lovfesta i 1984 og har 86 medlemmer, jf § 24 i kyrkjelova:
- medlemmene i bispedømmeråda
- tre medlemmer (ein prest og to lekfolk) valde inn i Kyrkjerådet på fritt grunnlag
- leiaren av mellomkyrkjeleg råd
- leiaren av Samisk kyrkjeråd
Kyrkjemøtet fekk ved kronprinsregentens resolusjon i 1990 delegerert mynde til å vedta liturgiske reglar for Den norske kyrkja, herunder bl.a. innhaldet i altarboka og salmeboka reglar for bruk av kyrkjene.
Kyrkjemøtet vert samla ein gong i året. Samlinga varer gjerne ei veke.
Bakgrunnsstoff |
- Kyrkjelova § 24
Kjelder |
Handbok for sokneråd og kyrkjelge fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon