Transili-Alatau




Transili-Alatau (russisk Заилийский Алатау, Zailijskij Alatau) er ein del av dei nordlege Tian Shan-fjella i Kasakhstan i Sentral-Asia. Ho er den nordlegaste fjellkjeda i Tian Shan med ei lengd på 350 km og ei høgd på opp til 4 973 meter over havet med Pik Talgar. Namnet Alatau refererer til ei rekkje fjell i området. Fjellkjeda grenser i nord til Ili-senkinga ved elva Ili, som har gjeve namn til fjellkjeda.


Den tidlegare hovudstaden i Kasakhstan, Almaty, ligg ved foten av fjella.



Bakgrunnsstoff |


  • Transili- og Kungej-Alatau


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Trans-Ili Alatau» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal