Ringgås







































Ringgås

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]


Foto frå Helgoland Foto: Andreas Trepte
Foto frå Helgoland
Foto: Andreas Trepte



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Anseriformes

Familie:

Anatidae
Slekt:
Branta

Art:

B. bernicla

Vitskapleg namn
Branta bernicla

Linné, 1758


Ringgås (Branta bernicla) er ein fugl i andefamilien. Dette er ei lita gås, 55-66 cm lang med vengespenn på 106-121 cm og vekt på 1,2 til 2,2 kg.[2][3][4] Ringgåsa har kort, tjukt nebb og svært kort hale. Ho er gjennomgåande mørk, men med heilt kvitt bakparti og ein kvit halsflekk. Ringgåsa har ei nær sirkumpolar hekkeutbreiing i høgarktiske område, ho er trekkfugl som overvintrar langs kystar av Nord-Amerika, Vest-Europa og Aust-Asia.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Habitat


  • 3 Ringgås i Noreg


    • 3.1 Trekket




  • 4 Kjelder


    • 4.1 Referansar







Skildring |


Det er skildra tre til fire underartar:


Branta bernicla bernicla er ei mørk form der flankane og buken er omtrent så mørk som ryggen. Hovudet og halsen er svart, med ein liten kvit flekk på kvar side av halsen. Ho hekkar på den arktiske kysten av det sentrale og vestlege Sibir og overvintrar i Vest-Europa, med over halvparten av populasjonen i det sørlege England, resten er fordelt mellom Nord-Tyskland og det nordlege Frankrike.


Branta bernicla hrota er ei lysare form med gråsvart til brun og lysgrå farger. Kroppen har ulike nyansar av gråbrunt på oversida, flankane og buken er monaleg bleikare enn ryggen og syner ein markert kontrast til oversida. Hovudet og halsen er svart, med ein liten kvit flekk på kvar side av halsen. Gjæser av denne underarten hekkar på Franz Josef Land, Svalbard, Grønland og i det nordaustlege Canada, dei overvintrar i Danmark, nordaustre England, Irland og på den atlantiske kysten av USA frå Maine til Georgia.


Branta bernicla nigricans har ein veldig kontrastrik fjørdrakt i svart og kvitt med ein jamt mørk sotbrun rygg, likeeins farga underside der det mørke feltet går lenger bak enn hos dei andre underartane, og ein framtredande kvit flekk på kroppssida, han har òg større halsflekk som dannar ein nær komplett krage. Han hekkar i det nordvestlege Canada, Alaska og austlege Sibir og overvintrar hovudsakleg på vestkysten av Nord-Amerika frå det sørlege Alaska til California, men òg nokon i Aust-Asia, hovudsakleg Japan. Nokre[5] har splitta ut asiatiske gjæser av denne forma som ein eigen underart orientalis, men dette er kontroversielt.



Habitat |


Tidlegare var ringgåsa utelukkande ein kystfugl om vinteren, som sjeldan forlét tidevassona ved elvemunningar. I dei siste tiåra har det byrja å bruke landbruksareal litt inn i landet, beitar mykje på gras og vintersådd korn. Dette kan vere åtferd dei har lært ved å følgje andre gjæsartar. Matressurspress kan òg vere viktig i å tvinge ringgjæsene til denne endringa, ettersom populasjonen i verda blei meir enn tidobla til 400 000-500 000 ved midten av 1980-talet, moglegvis nådde bereevna for beite ved elvemunningar.


I hekkesesongen nyttar dei lågtliggjande, våt kysttundra til både hekking og beiting. Reiret er skålforma, fora med gras og dun, og ligg på ei høgd ofte ute i ein liten dam.



Ringgås i Noreg |


Ein del av populasjonen av underarten B. b. hrota hekkar på Svalbard, nokre få av same populasjonen er hekkefuglar på Franz Josef Land og nokre hekkar på Grønland. Desse fuglane av hrota overintrar i Northumberland[6] og Danmark, totalt kan det vere så mykje som 8000 individ.[7]



Trekket |




Ringgås av underarten bernicla i flukt
Foto: Thomas Kraft



Ringgåsa er korkje hekkefugl eller overvintrar i fastlands-Noreg. Men hrota trekkjer dels over Sør-Noreg. Vårtrekket startar frå Danmark, vanlegvis mot slutten av mai og går i hovudsak langs kysten av Vestlandet, vidare over hav i retning Svalbard. Nokre held deretter fram til Franz Josef Land eller Grønland. Somme fuglar i denne trekkruta har blitt registrert over land frå Oslofjorden til Sogn. Eit individ som vart spora med satellittsendar viste seg å flyge ca. 2400 kilometer frå nordvestlege Danmark til Svalbard 30. til 31. mai 2011 med reisetid på 30 timar. Det er ei gjennomsnittleg fart på 80 km/t, toppfarta var 127 km/t.[8] Etter 8 dagar tok same gåsa fatt på siste strekket til Grønland, ein tur som tok ca. 27 timar.[9]




Ringgåsegg


Nominatforma bernicla trekkjer i stor grad langs Austersjøen mellom Sibir og Nordsjø-landa. Fuglar av denne underarten blir relativt ofte observert i Noreg under trekket, både vår og haust, til dømes var det registrert 20 observasjonar i 2010.[10] Den amerikanske og austasiatiske forma nigricans er ein svært sjeldan gjest i Noreg.[11][12]


Ringgåsa er ein av artane som vert omfatta av avtalen om vern av afrikanskeurasiatiske trekkjande vassfuglar, AEWA.



Kjelder |




  • Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Brant Goose» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2011

  • Strøm, H. Svalbards fugler. s. 86-191 Svalbards fugler og pattedyr (K. M. Kovacs & C. Lydersen, red.). Polarhåndbok Nr. 13, Norsk Polarinstitutt 2006




Referansar |





  1. Raudlistedatabasen (Svalbard) (vitja 18. november 2011)


  2. «Brant, Life History, All About Birds - Cornell Lab of Ornithology». Allaboutbirds.org. Henta 2011-10-18. 


  3. «Brent Goose». Oiseaux-birds.com. Henta 2011-10-18. 


  4. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.


  5. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 21. november 2011 


  6. Svalbards fugler og pattedyr: artikkelen «Ringgås»


  7. Norsk Ornitologisk Forening Se etter trekkende ringgjess Henta 22. november 2011


  8. Brenttags project blogg: 31 May: Steve beats them all! Henta 22. november 2011


  9. Brenttags project blogg: 7 June: Steve continues to Greenland. Henta 22. november 2011


  10. Artsdatabanken (Norge) og Norsk Ornitologisk Forening (NOF) Rapportsystemet for fugler Søk 23. november 2011


  11. Rapportsystemet for fugler: I 2010 var det registrert ein observasjon på Sklinna utanfor Nord-Trøndelag. Søk 23. november 2011


  12. Lista fuglestasjon har fåtalige observasjonar på 1990-talet. Lista fuglestasjon, logg for Ringgås, underarten nigricans Henta 23. november 2011








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva