Tropisk regnskogklima






Tropisk regnklima i verda.


Tropisk regnskogklima, òg kalla ekvatorialklima, er eit tropisk klima, som ein vanlegvis (men ikkje alltid) finn langs ekvator. Regionar med dette klimaet har ofte tropiske regnskogar og er i Köppen si klimaklassifisering klassifisert som «Af».




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Fordeling


  • 3 Klimatiske kjenneteikn


  • 4 Kjende byar med tropisk regnklima


  • 5 Sjå òg


  • 6 Kjelder





Skildring |


Tropisk regnklima er eit tropisk klima der det ikkje finst tørketid - alle månadane har minst 60 mm nedbør. Tropisk regnklima har ikkje noko fråskild sommar og vinter, og er typisk varm og våt året gjennom med både ofte og tung nedbør. Vêret er mykje likt frå dag til dag, og temperaturskilnaden mellom dag og natt er som regel større enn temperaturskilnaden mellom «sommar» og «vinter».



Fordeling |


Tropisk regnklima finn ein vanlegvis på breiddegrader innanfor fem grader nord og sør for ekvator, som er dominert av den intertropiske konvergenssona. Tropisk regnklima finn ein derimot i mindre område òg andre stader, og ikkje alle områda langs ekvator har tropisk regnklima.


Somme stader med dette klimaet har nesten uendra vêr året gjennom (den nordvestlege stillehavskysten i Sør- og Mellom-Amerika, frå Ecuador til Costa Rica, men i mange tilfelle er perioden med høg sol og lengre dagar mykje våtare (som i Palembang i Indonesia) og somme stader er tida då sola står lågast våtast (som i Sitiawan i Malaysia).


I tillegg finn ein tropisk regnklima utanfor ekvatoriområdet, til dømes i Santos i Brasil og Fort Lauderdale i USA, som ikkje berre ligg utanfor ekvator, men òg ligg like utanfor tropane.



Klimatiske kjenneteikn |



  • Breiddegradene ligg vanlegvis under lågtrykksbeltet i stillebeltet året rundt, og har derfor nesten ingen fråskilde årstider.

  • Sola står nesten vertikalt midt på dagen, og er direkte over hovudet to gonger i året, ved jamdøger.

  • Døgnmiddeltemperaturen er vanlegvis kring 27 °C året rundt. Omfattande skydekke og kraftig nedbør hindrar store temperaturskilnader mellom dagaen, og temperaturen stig sjeldan over 33 °C.

  • Temperaturen endrar seg vanlegvis mellom 2 til 5 °C gjennom døgnet, som er større enn årlege variasjonen av døgnmiddeltemperaturen på berre 2 °C.

  • Det kjem mykje regn, som vanlegvis er konvektiv (regnbyer).



Kjende byar med tropisk regnklima |



Afrika


  • Flagget til Uganda Entebbe i Uganda


  • Det kongolesiske flagget Kisangani i Den demokratiske republikken Kongo


  • Det kongolesiske flagget Mbandaka i Den demokratiske republikken Kongo


  • Det komoriske flagget Moroni i Komorane


Americas


  • Flagget til Brasil Belém i Brasil


  • Flagget til Nicaragua Bluefields i Nicaragua


  • Flagget til Brasil Boa Vista i Brasil


  • Flagget til Panama Bocas Town i Panama


  • Flagget til Ecuador Esmeraldas i Ecuador


  • Det amerikanske flagget Fort Lauderdale i USA


  • Det amerikanske flagget Hilo i USA


  • Flagget til Guyana Georgetown i Guyana


  • Flagget til Peru Iquitos i Peru


  • Flagget til Colombia Leticia i Colombia


  • Flagget til Surinam Paramaribo i Surinam


  • Flagget til Peru Pucallpa i Peru


  • Flagget til Brasil Rio Branco i Brasil


  • Flagget til Brasil Salvador i Brasil





Asia/Stillehavet




  • Flagget til Samoa Apia i Samoa


  • Flagget til Brunei Bandar Seri Begawan i Brunei Darussalam


  • Flagget til Indonesia Banjarmasin i Indonesia


  • Flagget til Indonesia Biak i Indonesia


  • Flagget til Sri Lanka Colombo i Sri Lanka


  • Flagget til Malaysia Georgetown i Malaysia


  • Flagget til Australia Innisfail i Australia


  • Flagget til Malaysia Johor Bahru i Malaysia


  • Flagget til Malaysia Kota Kinabalu i Malaysia


  • Flagget til Malaysia Kuala Lumpur i Malaysia


  • Flagget til Malaysia Kuching i Malaysia


  • Flagget til Indonesia Medan i Indonesia


  • Flagget til Indonesia Padang i Indonesia


  • Flagget til Indonesia Palembang i Indonesia


  • Flagget til Indonesia Pekanbaru i Indonesia


  • Flagget til Singapore Singapore


  • Flagget til Sri Lanka Sri Jayawardenapura Kotte i Sri Lanka


  • Flagget til Papua Ny-Guinea Tabubil i Papua Ny-Guinea






Sjå òg |



  • Tropane

  • Köppen si klimaklassifisering



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Tropical rainforest climate» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:















Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering

Gruppe A: Tropisk — Regnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)

Gruppe B: Tørt — Ørkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)

Gruppe C: Temperert — Fuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)

Gruppe D: Kontinentalt — Fuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)

Gruppe E: Arktisk — Tundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva